Ringevikarar - Manger skule
Alver kommune
- Frist 31.12.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Manger skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO.
Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.
Manger barneskule ligg i nærområdet til distriktssenteret på Manger på Radøy. Ein 1 - 7 skule med ca.200 elevar. Me har eit godt profesjons fellesskap på skulen, og me er i gong med eit utviklingsprosjekt innanfor språk, lesing og skriving i samarbeid med andre skular i Alver kommune. Me jobbar aktivt på skulen med skulemiljø slik at våre elevar har ein trygg og god skulekvardag.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.
Kvalifikasjonskrav
For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.
For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.
Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.
Vi tilbyr
Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 426402276
- Sist endret
