Ringevikarar - Hordabø skule
Alver kommune
- Frist 31.12.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Hordabø skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar til skule og SFO.
Det kan også vere aktuelt med kortare eller lengre vikariat.
Hordabø skule er ein inspirerande barneskule som ligg i vakre omgjevnader i Bøvågen på Radøy. Med fokus på å skape eit trygt og positivt læringsmiljø, og stimulere til leseglede, ynskjer vi å gi våre 100 elevar den beste utdanninga
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.
Kvalifikasjonskrav
For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.
For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.
Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.
Vi tilbyr
Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 425259027
- Sist endret