Ringevikarar - Sæbø skule
Alver kommune
- Frist 31.12.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Sæbø skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO.
Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.
Sæbø skule er ein barneskule med om lag 100 elevar fordelt på 1.- 7.trinn. Frå Knarvik senter køyrer ein iretning Manger, og kjem til Sæbø skule i Austmarka på 17 minuttar.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.
Kvalifikasjonskrav
For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.
For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.
Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.
Vi tilbyr
Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 425252189
- Sist endret

