FINNJobbSøkOsloSentrum
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke
Fristen er utløpt

Seniorrådgjevar for utvikling av departementsfellesskapet

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Oslo
  • Søknadsfrist 1.6.2025
  • Sektor Offentlig

Vil du vere med og utvikle eit samordna, effektivt og kompetent departementsfellesskap?

Dette er ei unik moglegheit til å bidra til den strategiske utviklinga av departementsfellesskapet i ei tid der departementa og Statsministerens kontor vert samlokaliserte i det nye regjeringskvartalet.

Samfunnet har vorte meir komplekst, og behovet for å arbeide meir heilskapleg med utfordringar som rører fleire departement, har vorte større. I avdelinga for departementa sine fellesfunksjonar arbeider vi for at departementsfellesskapet fungerer på ein god måte, og vi har ei sentral rolle i gjennomføringa av strategien for departementsfellesskapet Gode kvar for oss. Best saman (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/gode-hver-for-oss.-best-sammen/id2856172/). No ser vi etter deg som vil vere med på å utvikle eit samordna, effektivt og kompetent departementsfellesskap, og arbeide med å gjennomføre tiltaka i strategien.
 

Du får arbeide med

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å

  • operasjonalisere og gjennomføre tiltaka i strategien Gode kvar for oss. Best saman. Gjennom oppfølginga av strategien skal du mellom anna vere med på å leggje til rette for at departementa

    • samarbeider godt om både utvikling, finansiering og gjennomføring av politikk

    • effektiviserer arbeidsprosessar og utnyttar teknologiske moglegheiter

    • utviklar og brukar kompetansen i heile departementsfellesskapet 

    • etablerer fleire fellesarenaer for departementa

    • vidareutviklar administrative tenester og funksjonar

    • byggjar solid kunnskap for å kunne utvikle departementsfellesskapet vidare

  • du vil samarbeide med dei øvrige departementa og Statsministerens kontor

  • du vil samarbeide med dei underliggjande verksemdene DSS og DIO, som er departementsfellesskapets partnarar i utviklingsarbeidet 

  • du vil delta i eller leie arbeidsgrupper med departementa, skrive avgjerdsnotat og sikre at tiltaka som vert utvikla er nyttige og treff brukarane sine behov.

Arbeidsoppgåvene kan variere over tid og vert vurderte ut frå seksjonen sine behov.

 

Vi søkjer deg som har

For å vere kvalifisert for stillinga må du ha

  • relevant utdanning på masternivå

  • fem års relevant erfaring

  • svært god kjennskap til arbeidet i departementa, og god forståing for embetsverket si rolle og politiske prosessar

  • erfaring frå prosessar der mange aktørar arbeider saman mot eit felles mål, og gjerne ha leia slike prosessar

  • interesse for organisasjonsutvikling og strategisk utviklingsarbeid

  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar 

I denne stillinga må du ha svært gode samarbeidsevner, vere lyttande, skape tillit hos eit mangfald av aktørar og forståing for omforente løysingar. Du må evne å sikre framdrift, vere konstruktiv og robust, og ønskje å sjå oppgåvene heilt i mål. Du må vere nysgjerrig og ønskje å systematisk oppdatere kunnskapen din.

Vi søkjer etter deg som vil gje eit positivt bidrag til arbeidsmiljøet og har stor motivasjon for å ta departementsfellesskapet inn i ei ny tid. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Utdannelse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.

 

Vi tilbyr 

  • eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin

  • ein spennande jobb i eit sterkt fagmiljø

  • gode utviklingsmoglegheiter

  • lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport

  • gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse

  • fleksibel arbeidstid

  • sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar

  • egne sosiale tilbod for deg som er ung i departementet

Løn: Stilling blir lønt som seniorrådgjevar frå kr 700 000-880 000 per år. Lønnsplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast. 

Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter tryggingslova. Les meir om autorisasjon her (https://nsm.no/fagomrader/personellsikkerhet/sikkerhetsklarering/autorisasjon/).

 

Vi er opptekne av

Mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Informasjon til deg som søkjer 

Vi er opptekne av kva du kan, erfaringane dine og kompetansen du har, og vil derfor stille deg nokre faglege spørsmål, framfor å be deg skrive ein søknadstekst. Når du trykker på "Søk stillinga", kjem du til rekrutteringsportalen og må logge inn. 

I portalen er det viktig at du: 

  • Svarar på spørsmåla du får innleiingsvis. Spørsmåla erstattar søknadsbrev/tekst. 

  • Fyller ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for bl.a. å vareta kravet om fullstendige søkjarlister. 

DFD nyttar bakgrunnssjekk frå Semac i nokre av rekrutteringsprosessane våre. Bakgrunnssjekk blir utført etter samtykke, og inneber bla at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få moglegheit til å trekkja søknaden.

Kontaktperson: For nærare opplysningar om stillinga kontakt avdelingsdirektør Kristina Jullum Hagen på tlf. 924 54 677 eller e-post kristina-jullum.hagen@dfd.dep.no. For spørsmål om rekrutteringsprosessen, kan du ta kontakt med rådgjevar i DSS Tale Fredriksen på tlf. 908 43 773 eller e-post tale.fredriksen@dss.dep.no. 

Ferdigheter
AI-generert

  • Strategisk systemutvikling

Om arbeidsgiveren

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) har om lag 170 tilsette og er sekretariat for digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet har ansvar for IT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, statleg arbeidsgivarpolitikk, statleg bygg- og eigedomsforvaltning, det administrative ansvaret for statsforvaltarane og arbeid med berekraftsmål.

Avdeling for departementas fellesfunsksjoner (ADF) skal bidra til at departementsfellesskapen fungerer på ein god måte, mellom anna ved at departementa har formålstenlege lokale, og sikre og effektive fellestenester med rett kvalitet, og ei felles tilnærming til tverrgåande utfordringar og kompetansebehov. Avdelinga etatsstyrar Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og Departementenes digitaliseringsorganisasjon (DIO).

  • Sted: Akersgata 59, 0180 Oslo
  • Bransje: Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Koordinering, Prosjektledelse, Samfunnsviter

Nøkkelord

departementsfellesskapet, departement, strategi, utviklingsarbeid, seniorrådgiver

Spørsmål om stillingen

KJ

Kristina Jullum Hagen

Avdelingsdirektør

92 45 46 77Kopier telefonnummer 92 45 46 77

Firmaets beliggenhet

Akersgata 59, 0180 Oslo

Kart
Søknadsfrist: 1.6.2025

463 følger dette firmaet

Nyttige lenker

HjemmesideBli kjent med DIGITALISERINGS- OG FORVALTNINGSDEPARTEMENTET (DFD)

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 408093536
  • Sist endret: 16.5.2025, 10:03
  • Org.nr.: 932384469Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse