FINNJobbSøkVestlandAustevoll
Austevoll kommune
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke
Fristen er utløpt

100% Stilling som Helsefagarbeidar ved Austevoll pleie og omsorgssenter

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Storebø
  • Søknadsfrist 25.05.2025
  • Sektor Offentlig

100% stilling som helsefagarbeidar ved Austevoll pleie- og omsorgssenter

Om arbeidsstaden

Helse og velferd er ei eining med om lag 250 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv. 

Austevoll pleie og omsorgssenter ligg sentralt til i Birkelandsvegen 26 på Storebø.  På pleie og omsorgssenter og i heimetenesta har vi ca. 150 tilsette.

Om stillinga

100% fast stilling som helsefagarbeidar. Den ledige stillinga er på spesialavdelingane på sjukeheimen.  Langvaktsturnus med arbeid kvar 4.helg kan vurderast. Tiltreding så snart som mogeleg. 

Ansvar og arbeidsoppgåver

Vaktene på spesialavdelingane er varierte. Pleie- og miljøretta omsorg for bebuarane vil vera hovudoppgåva.

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav:

  • Off. godkjent helsefagarbeidar.
  • Gyldig politiattest

Personlege eigenskapar:

  • Det er ein føresetnad at søkjar liker å jobbe med menneske, er fleksibel, arbeidsvillig, positiv og må trivast med å jobbe i team. 
  • Søkjar må ha gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg. Vi nyttar pasientjournalsystemet Profil.

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søker du på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.


Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.

Ferjesambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande.  


Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.


Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.


Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!

  • Sted: Birkelandsvegen 26, 5392 Storebø
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid

Spørsmål om stillingen

IH

Isabell Heggen

Avdelingsleiar

91 14 78 57Kopier telefonnummer 91 14 78 57
KS

Kjersti Søderberg

Fagleiar

95 74 24 86Kopier telefonnummer 95 74 24 86

Firmaets beliggenhet

Birkelandsvegen 26, 5392 Storebø

Kart
Søknadsfrist: 25.5.2025

79 følger dette firmaet

Nyttige lenker

HjemmesideBli kjent med Austevoll Kommune

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 406555630
  • Sist endret: 6.5.2025, 14:22
  • Org.nr.: 941139787Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse