Stipendiat - analysemetodeutvikling - tang og tare
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
- Frist 07.05.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Stipendiat - analysemetodeutvikling - tang og tare
Nøkkelinformasjon
Som ledd i NIBIOs satsing på marin bioøkonomi lyser vi ut ei stipendiatstilling i Bodø innanfor metodeutvikling for karakterisering av komplekse karbohydrat og polyfenoler i kaldvassalgar.
Fagleg sett vil stillinga vere tilknytta ph.d.-program ved Nord universitet, og det blir lagt opp til samhandling med, og kursing hos, andre universitet i Europa.
Stillinga er fireårig med 25 % pliktarbeid knytte til prosjekta til avdelinga.
Hovudoppgåvene til stillinga
Hovudoppgåva til stillinga er å gjennomføre eit doktorgradsarbeid, der hovudtema er utvikling av analysemetodar og karakterisering av kaldtvannstilpassede tang og tare-arter med fokus på uskrivne karbohydrat og polyfenoler. Arktiske makroalgar skil seg frå tropiske artar hovudsakleg på tre område; dei har større sesongvariasjonar i kjemisk samansetning, høgare innhald av bioaktive komponentar, og dei er i mindre grad beskrive i litteraturen.
Ved sida av formalkravene som følgjer Phd-utdanninga, skal 25% av arbeidstida i det fireårige løpet nyttast til å bidra inn i dei pågåande prosjekta til avdelinga (pliktarbeid).
Kvalifikasjonskrav
- Relevant mastergrad i marinbiologi, analytisk kjemi eller liknande
- Oppfylle vilkåra som er definerte for opptak til doktorgradsprogram ved Nord Universitet
- Arbeidserfaring med analysar av makroalgar, herunder bruk av farlege kjemikalier
- Arbeidserfaring med kromatografiske og massespektrometriske teknikker
- Minimum grunnleggande ferdigheiter i norsk språk (skandinavisk) og gode munnlege og skriftlege språkkunnskapar i engelsk
Det er ein fordel om du har
- Erfaring med utvikling og dokumentasjon av analysemetodar
- Førarkort klasse B
- Erfaring frå feltarbeid med tang og tare
- Erfaring med kvadrupol massespektrometer og time-of-flight detektor (QTOF)
- Erfaring med programvare for analytisk kjemi (Chromeleon og MassHunter)
Personlege eigenskapar
- Ansvarsfull, nøyaktig og metodisk, særleg i samband med laboratoriearbeid
- Praktisk anlagd og god ordenssans
- Gode evnar til både samarbeid og sjølvstendig arbeid
- Positiv, initiativrik og nysgjerrig på ny kunnskap og teknologi
- Gode kommunikasjonsevner
- Evner å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Mogelegheit til å jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag med fokus på berekraft og framtidsrett forsking
- Utfordrende, spennande og varierte oppgåver i tverrfaglege team
- Ein fleksibel kvardag med mogelegheit til å påverke eigne arbeidsoppgåver
- Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaar
- Ein raus personalpolitikk med velferdsordningar og fokus på dei tilsettes ulike livsfaser
Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ som stipendiat kode 1017, årsløn kr 540 000 - 605 000. Avlønning blir vurdert etter utdanning og erfaring.
Medlemskap i Statens pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og dessutan tilbod om bustadlån til gunstig rente.
Korleis søkje på stillinga
CV fyllast ut elektronisk og sendast via lenkje på denne sida, "søk stillinga". I staden for søknadsbrev ber vi deg svare på nokre spørsmål. Relevante vitnemål og attestar leggjast ved elektronisk.
NIBIO gjennomfører bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar via samarbeidspartnaren vår Semac AS
Video: https://youtu.be/6mZySoUgD2Q
Andre opplysingar
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege, jf. Løyve om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentlegloven), § 25. Ein søkjar kan be om å bli unntatt frå oppføring på offentleg søkjarliste. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, blir søkjaren varsla om dette.
Vi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Som statleg verksemd har vi mogelegheit til å gi ein positiv særbehandling for søkjarar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Positiv særbehandling inneber mellom anna at du lettare vil kome til intervju. Les meir om dette her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
FerdigheterAI-generert
- Analysemetoder (analytisk kjemi)
- Analytisk kjemi
- Håndtere kjemikalier
- Kromatografi
- Marinbiologi
- Massespektrometri
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
NIBIO arbeider med landbruk, mat, klima og miljø. Vi leverer forsking, forvaltingsstøtte og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap, forvalting, næringsliv og samfunnet elles.
NIBIO har hovudkontor i Ås i Viken, har om lag 750 tilsette, og er til stades i alle landsdelar. Landbruks- og matdepartementet er eigar av NIBIO.
Akvakultur er den raskast veksande matsektoren globalt, og i Avdeling Biomarin verdiskaping bidrar vi med overføring av teknologi og kunnskap mellom grøn og blå sektor med fokus på bioøkonomi: berekraftig produksjon og verdiskaping av fornybare marine ressursar. Vi er overtydde om at matproduksjonen i framtida vil vere blågrøn!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggården, Kudalsveien 6, 8027 Bodø
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Forskning/Stipendiat/Postdoktor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 403086293
- Sist endret