
Rådgjevar
Helse Bergen
- Frist 25.10.2023
Rådgjevar
Seksjon for kompetanseutvikling er ein del av Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU) ved Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen har om lag 40 medarbeidarar med kompetanse innan medisin og helsefag, pedagogikk og kompetanseutvikling. Hovudarbeidsområda i seksjonen er planlegging, gjennomføring og evaluering av kompetanseutviklingstiltak, både i samarbeid med avdelingar i sjukehuset, universitet, høgskular, kommunar og andre samarbeidspartar, samt hjelpe leiarar i føretaket innan kompetanse- og utdanningsspørsmål.
Team for digital læring søkjer etter ein engasjert person som ønskjer å styrkje arbeidet med Kompetanseportalen. Kompetanseportalen er eit IKT-verktøy som blir nytta til dokumentasjon av kompetanse og identifisering av behov for opplæring, samt vidareutvikling av medarbeidar og dokumentasjon av spesialistutdanning for legar. Vi ser etter ein god lagspelar som evnar å arbeide sjølvstendig og strukturert.
Personlege eigenskapar og kompetanse vil bli vektlagt.
Kjerneoppdraget til Team for digital læring er arbeid med utvikling, integrering og forvalting av dei digitale læringsressursane i Helse Vest.
Arbeidsoppgåver
- Utvikling av og rettleiing ifm opplæringsplanar for ulike yrkesgrupper i Helse Vest
- Samarbeide med andre sjukehus i Helse Vest om felles opplæringsplanar
- Utvikling, opplæring og kursing knytt til Helse Vest sitt kompetansestyringssystem; Kompetanseportalen
- Delta i arbeidet med nasjonal og regional brukarstøtte til ulike grupper medarbeidarar, inkludert legar i spesialisering
- Bidra til utvikling- og forbetringsarbeid relatert til Kompetanseportalen
- Prosjektleiing og fasilitering ifm utvikling av opplæringsplanar
- Planleggje og gjennomføre undervisning ifm opplæring i Kompetanseportalen
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar
- Interesse for og erfaring med rettleiing og opplæring
- God kjennskap til og interesse for IKT-verktøy
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Administrativ erfaring
- Kjennskap til spesialisthelsetenesta
Ønskjeleg
- Erfaring innan prosjektleiing/prosjektstøtte
- Erfaring frå arbeid i sjukehus
- Erfaring med arbeid innan Kompetanseportalen/Læringsportalen eller andre liknande IKT-system i sjukehuset.
- Erfaring med undervisning
Personlege eigenskapar
- Er initiativrik, sjølvstendig og systematisk
- Analytisk og løysingsorientert
- God på nettverksbygging
- Strukturert og leveransedyktig
- Har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Trivast med å arbeide i tverrfaglege team
- Detalj-, kvalitets- og systemorientert
- Serviceinnstilt, fleksibel og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Interessante, samfunnsnyttige og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit godt fagleg miljø i ein organisasjon som er i stadig utvikling
- Ein trygg arbeidsplass
- Lønn etter avtale
Mangfaldserklæring
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sted: Møllendalsbakken 7, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Sykepleier
Nøkkelord
Sykepleier,, Kompetanseutvikling,, IKT,, Helse, Bergen,
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323450678
- Sist endret