
Rådgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 30.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Økonomiansvarleg FRAM ferje
Vi søker deg som er fagleg dyktig og samarbeidsorientert til stillinga som økonomiansvarleg for ferje i maritimt team i FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune.
FRAM er fylkeskommunen si kollektivavdeling og har mellom anna ansvaret for 20 fylkesvegferjesamband og tre hurtigbåtsamband. Kontraktsporteføljen innan ferjedrift består av seks kontraktar med til saman tre operatørar. Hurtigbåtdrifta er organisert i ei eiga kontrakt der økonomioppfølginga i dag vert gjort saman med bussdrift.
I 2024 vil FRAM kjøpe ferjetenester for om lag 1,2 mrd. kroner og hurtigbåttenester for om lag 200 mill. kroner. I 2024 budsjetterast det med om lag 200 millionar kroner i inntekter frå båt- og ferjedrifta.
Som økonomiansvarleg for ferje vil hovudoppgåva di vere å ha oversikt over økonomien knytt til ferjeforvaltninga i
FRAM. Andre viktige oppgåver vil vere oppfølging av økonomiarbeid opp mot leiinga i FRAM og sentral økonomistab i fylkeskommunen. Du vil også vere ein ressurs inn mot utgreiingar, anbodsprosessar og jobbe tett med dei kontraktsansvarlege på maritimt team hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for budsjett, rapportering og årsoppgjer ferje
- Fagressurs økonomi for kontraktsforvaltarar på teamet, samt leiinga i FRAM
- Utarbeiding av saksframlegg for politisk behandling
- Kontakt og samhandling med reiarlag
- Oppfølging av inntekter
- Oppfølging av eigen ferjekontrakt
Vi søker deg som har
- relevant høgare utdanning innan økonomi, minimum på bachelornivå. Andre utdanningsretningar eller erfaring frå
- relevant arbeidsområde kan i særlege tilfelle vere aktuelt.
- evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og med god fagleg gjennomføringsevne
Det blir elles vektlagt at du:
- er initiativrik og løysingsorientert
- har god arbeidskapasitet og er engasjert
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- er god på kunnskapsdeling, involvering og samarbeid
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Om arbeidsplassen
I tillegg til fylkesvegsambanda og hurtigbåtsambanda som Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom FRAM har ansvar for, blir det produsert om lag 18,4 millionar rutekilometer med buss kvart år. Vi er med på det grøne skiftet i transportsektoren, og har starta på elektrifisering av buss- og ferjetilbodet. Kollektivavdelinga FRAM består av to seksjonar som arbeidar med kollektivtrafikken i fylket - driftsseksjonen og marknadsseksjonen.
Om driftsseksjonen:
Seksjonen består av tre team; maritimt, kollektiv og forvaltning, og har ansvaret for dagleg oppfølging av eksisterande kontraktar på kollektivområdet, det vil si kontraktsoppfølging av buss, båt og ferje samt ruteplanlegging og optimalisering av ruter. Utforming av nye kontraktar og innkjøp av desse er organisert som prosjekt.
Seksjonen har også ansvar for mellom anna skoleskyss, drosjeløyve og TT-ordninga.
Stillinga vil ha kontorstad i Molde. Noko reiseaktivitet må påreknast.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: Juridiske tjenester, Konsulent og rådgivning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering, Rådgivning
Nøkkelord
Økonomiansvarlig, Ferje, Samferdsel, Økonomi, Rapportering
Foto: Terje Aamodt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322832797
- Sist endret
