
Avdelingsdirektør ved kreftbehandling og medisinsk fysikk
Helse Bergen
- Frist 30.10.2023
Avdelingsdirektør ved kreftbehandling og medisinsk fysikk
Vil du bli direktør for kreftavdelinga?
- eit kraftsenter innan kreftbehandling og forsking
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk på Haukeland Universitetssjukehus er ei avdeling med ansvar for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest. Avdelinga er i stor vekst med aukande aktivitet og ei kostnadsramme på 620 millionar kroner og om lag 430 årsverk. Som avdelingsdirektør vil du leie dyktige og engasjerte fagfolk og du evner å sette i verk tiltak og prosessar gjennom godt samarbeid.
Om Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk
Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og forløp, utvikling av nye behandlingstilbod og forsking. Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeida spesielt for den enkelte pasient. Les meir om avdelinga her
Som avdelingsdirektør ønskjer du å vidareutvikle avdelinga mot framtida og du forstår balansen mellom god klinisk drift, forsking og utvikling
Avdelinga legg vekt på tverrfaglege team for kontinuerleg å forbetre og utvikle tenestene. Det er høg forskingsaktivitet ved avdelinga og fleire forskingsgrupper med nasjonalt og internasjonalt gjennomslag. Her kan brystkreftgruppa, melanomgruppa og gliomgruppa nemnast. Å skape interesse for forsking er sentralt i faget si utvikling og har høg prioritet ved avdelinga.
Protonterapi blir etablert ved Haukeland universitetssjukehus som eitt av to anlegg i Noreg. Avdelinga er sentral i planlegging av fleirregional funksjon protonterapi, delt mellom Oslo universitetssjukehus og Haukeland universitetssjukehus. Om protonsenteret i Bergen
Haukeland sjukehus er medlem av Organisation of European Cancer Institutes (OECI), og er i gang med akkrediteringsprosessen som forventast å ta ca. 2 år som eit Comprehensive Cancer Center. I dette arbeidet vil Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk spele ei nøkkelrolle.
Vi søkjer ein avdelingsdirektør som:
- bidrar til vidareutvikling av god drift og organisering av klinikken gjennom godt leiarskap
- ønskjer å være ein god samarbeidspartner for einingane på sjukehuset, for sjukehusa i regionen og nasjonalt
- bidrar til å oppretthalde og vidareutvikle den høge aktiviteten innan forsking og utdanning ved klinikken
Som direktør vil du rapportere til administrerande direktør og være ein del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus. Ta gjerne kontakt for ytterlegare informasjon.
Arbeidsoppgåver
- Sikre rett utvikling av behandling gjennom medisinsk prioritering
- Være ein aktiv bidragsytar for å leggje til rette for vår felles helseteneste
- Leie strategi-, verdi- og haldningsarbeid
- Skape effektive pasientløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
- Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
- Samhandlar med andre einingar på sjukehuset, primærhelsetenesta samt universitet og høgskular
- Bidra til at medarbeidarar er engasjerte med ønskje om kontinuerleg å forbetre eigen arbeidskvardag
- Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking
- Medansvar for å bidra til at føretaket når sine mål
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg, medisinsk-, eller anna relevant høgare utdanning
- Relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning/-kurs
- God kunnskap om spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar
- God kunnskap og erfaring innan forbetringsarbeid og -prosessar
- Erfaring frå leiing av forskingsdriven utvikling og innovasjon
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og samarbeid med universitet og høgskular
Personlege eigenskapar
- Inspirerande, involverande og handlekraftig
- Overordna styrings- og gjennomføringsevne
- Resultat, økonomi- og organisasjonsforståing
- Strukturert og planmessig i arbeidet
- Robust med evne til å være tydeleg og synleg
- Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
- Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit sjukehus med stort fokus på kvalitetsforbetring og pasienttryggleik
- Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
- Lønn etter avtale
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Ledelse, Lege
Nøkkelord
kreftbehandling, forskning, forbedring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322799946
- Sist endret