Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Fristen er utløpt

Spesialkonsulent/ rådgjevar museum

Vestland fylkeskommune

  • Frist 27.10.2023

Spesialkonsulent/rådgjevar museum

Vil du vere med å utvikle museumsfeltet i Vestland?

Vestland fylkeskommune søker etter spesialkonsulent/rådgjevar museum.

Stillinga vil inngå i fageining for museum, fartøy- og bygningsvern, som er del av kulturarvseksjonen.
Fageininga har lokasjon både i Bergen og Førde, og den som vert tilsett kan velgje arbeidsstad mellom lokasjonane.

Vestland er ein sterk museumsregion med eit stort mangfald av museum. Fylket har 10 konsoliderte museum. Det er eit mål for Vestland fylkeskommune å legge til rette for ein regional heilskap på museumsområdet, mellom anna innan fellesmagasin, bevaringstenester, bygningsvernrådgjeving og forsking.

I dette arbeidet søkjer vi etter ein engasjert person som vil vere med å utvikle museumsfeltet i Vestland.

Arbeidsoppgåver

  • Førebu politiske saker på museumsfeltet og følgje opp fylkeskommunen sin politikk innafor museumsområdet
  • Førebu og iverksetje temaplan for musea i Vestland
  • Følgje opp musea gjennom årlege museumssamlinger, budsjett- og rapporteringsmøte
  • Tilskotsarbeid museum og verdiskaping
  • Delta i nasjonale museumsnettverk
  • Ved behov kan andre relevante arbeidsoppgåver og prosjekt bli aktuelt

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • Relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet på minimum bachelornivå
  • Kompetanse og erfaring frå museumsfagleg arbeid

Den som vert tilsett bør ha:

  • Kompetanse og erfaring frå arbeid med prosjekt- og utviklingsarbeid på kulturmiljøfeltet

Personlege eigenskapar

  • Nytenkjande og utviklingsorientert
  • Evne til å tenkje heilskapleg
  • Du kjenner deg igjen i våre verdier; kompetent, open, modig
  • God evne til å kommunisere og samarbeide med andre
  • Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Personlege eigenskapar vil bli særskilt vektlagde

Vi tilbyr

Eit av Noregs mest sentrale fagmiljø innafor vern og utvikling av kulturarven

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
  • Gode forsikring- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø

Andre opplysingar

  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
  • Arbeidsstad Bergen/Førde
  • Du må rekne med litt reiseaktivitet
  • Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ein prøvetid på 6 månader

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
  • Sted: 5020 Bergen
  • Bransje: Museer, gallerier og kulturminne

Nøkkelord

Museumsrådgjeving;, museumsutvkling

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: David Johannes Sandved
  • Stillingstittel: seksjonssjef
Send melding
  • Kontaktperson: Eva Moberg
  • Stillingstittel: leiar
Send melding
  • Bli kjent med Vestland fylkeskommune

1579 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Vestland fylkeskommune logo

Vestland fylkeskommune

    Heimeside

    Firmaets beliggenhet

    5020 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 322795366
    • Sist endret 6.10.2023, 11:16
    Rapporter annonse