Fristen er utløpt
Kostymeteknikar
Det Norske Teatret
- Frist 22.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli kostymeteknikar ved landets største teater?
Det er ledig ei fast stilling som
Kostymeteknikar
Ønskjer du å jobbe i ei kreativ avdeling med høgt tempo saman med dyktige og rause kollegaer? Det Norske Teatret søkjer ein positiv og ansvarsfull kostymeteknikar i 100 % fast stilling.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg ansvar for vedlikehald og klargjering av kostymer til alle scener som inkluderer vask, vedlikehald, reparasjon og innkjøp.
- Ansvar for å planlegge kostymeplasseringar og gjennomføre kostymeskift under framsyningane
- Tett samarbeid med skodespelarar og dei ulike faggruppene på teatret
- Hjelpe kostymeverkstaden med ulike saumoppgåver ved behov
Ønska kvalifikasjonar
- Vi ser etter deg som har sveinebrev i eit av handverksfaga kostymesyar eller kjole- og draktsyar eller tilsvarande saumkunnskap. Det er ein stor fordel om du har erfaring frå teater, opera, film eller TV.
Ønska personlege eigenskapar
- Du likar å jobbe med menneske og trivast med å jobbe i eit hektisk miljø
- Fleksibel og løysingsorientert
- God orden og stor arbeidskapasitet
- Arbeider sjølvstendig, og har gode samarbeidsevner og liker å jobbe i team
- Serviceinnstilt, fleksibel og tolmodig
- Merksam og med auge for detaljar
- Snakkar godt norsk og kan kommunisere godt på engelsk
Vi tilbyr
- Ein spanande og utfordrande jobb med moglegheit for fagleg utvikling
- Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar, i eit spanande og profesjonelt teatermiljø
- Gode kollektive pensjons- og gruppelivsforsikringar
- Gunstig ferieordning (fem veker ferie, to veker fri med lønn)
- Arbeidstida er lagt til en skiftordning
- Lønn etter gjeldande tariff.
Ønska oppstart er 1. januar 2024.
Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 225 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Nynorsk språk er teateret sitt viktigaste særmerke, og Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd.
- Sektor: Privat
- Sted: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
- Bransje: Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Annet
Nøkkelord
søm, kostyme, vedlikehald, kostymeskift
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322537745
- Sist endret


