
Sjukepleiar og vernepleiar til faste stillingar ved Psykisk helsevern
Helse Bergen
- Frist 12.10.2023
Sjukepleiar eller vernepleiar til faste stillingar ved Psykisk helsevern
Vi søker dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar
Psykisk helse angår alle. Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleve lettare eller tyngre psykiske lidingar. Divisjon psykisk helsevern skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som blir tilvist til ein av våre sju klinikkar. Behandlingstilbodet vårt omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester.
* Regional sikkerheitsavdeling har ledig 100% faste stillingar som sjukepleiar eller vernepleiar, pt. 2-delt turnus med kvar 3-dje helg.
Kontakt: Bente Baug Grey, Tlf. 55 95 83 84. Sturla Helle, Tlf. 55 95 83 82. Kjell Paulsen, Tlf. 55 95 85 38
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av fem seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Sikkerhetspoliklinikken, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern.
Vårt samfunnsoppdrag er å gje behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gje alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.
Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut, aktivitør og sosionom arbeidar saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
- Du deltar i den tverrfaglege miljøbehandlinga
- Relasjonsbygging og motivasjonarbeid for å skape endring
- Ein føresetnad at du er personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr deg
- Ein spennande og utfordrande jobb og eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Fagutvikling, internundervising og opplæring i MAP og kKurs i risikovurderingsinstrumentet HCR-20
- 15 000 kroner pr år i særtillegg
- Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Antall stillinger: 2
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
sykepleier,, vernepleier,, sikkerhetspost,, RS,, psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321706138
- Sist endret