
Fast 100% stilling for vernepleiar/ sjukepleiar med relevant vidareutdanning
Helse Bergen
- Frist 22.10.2023
Fast stilling for vernepleiar/ sjukepleiar med relevant vidareutdanning
Ungdomsposten er p.t ein 7 døgns utgreiings- og behandlingspost med kapasitet til 10 pasientar for ungdom mellom 13 og 18 år med ulike psykiske lidingar. Innlegging er basert på frivilligheit. Dei tilsette på Ungdomsposten, arbeider i snitt kvar 4. helg.
Oppgåvene til Ungdomsposten er knytt til utgreiing, diagnostisering og utarbeiding/utprøving av tiltak og behandling. Ungdomsposten gir spesialisert helsetilbod til barn og unge med psykiske vanskar, og deira pårørande. Posten er tverrfagleg bemanna med miljøterapeutar med hovudvekt på sjukepleiarar og vernepleiarar, samt barnevernspedagogar og studentar innan helse- og sosialfag. På behandlarsida har vi barne- og ungdomspsykiatere, psykolog/ psykologspesialistar, - samt legar i spesialisering (LIS).
Vi søker erfarne, engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.
For å få ein variert balanse i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Alle i personalgruppa skal fortrinnsvis ha særskild kompetanse for å arbeide med ungdom med psykiske lidingar. Det er ønskeleg at eit fleirtal av personalet skal ha spesialisering eller vidareutdanning innan sitt fagfelt.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting, må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging/miljøkontakt i post - observere, kartlegge og dokumentere pasientane sine behov, samt iverksette miljøterapeutiske tiltak
- Kvar pasient har eit team knytt til seg beståande av 2 miljøkontaktar og ein behandlar som samarbeider tett om inntak, utgreiing og behandling av pasienten
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grenser for kvar enkelt pasient
- Å ha kontakt med pårørande blir sett på som ein naturleg del av det miljøterapeutiske arbeidet
- Inntak av nye pasientar
- Praktiske oppgåver
- Ansvarsvakt
- Administrering av legemiddel
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar med relevant vidareutdanning
- Erfaring innan psykisk helsearbeid
- Fagleg engasjement innan psykisk helsearbeid
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows OS og Office)
- Ønskeleg med kunnskap om EPJ (elektronisk pasientjournal)
- Må meistre norsk, både munnleg og skriftleg godt
- Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
Personlege eigenskapar
- Har respekt for den enkelte pasient
- Er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
- Har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksibel
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
- Er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg handling
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Er motivert til å arbeida i eit aktivt og travelt miljø, og har høg arbeidsmoral
Vi tilbyr
- Arbeid i snitt kvar 4. helg
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Internundervisning
- Fagdagar blir lagt fast i turnus x 2 pr. år med tema som er knytta til kva posten har behov for
- Fagleg og personleg utvikling
- Rettleiing av ekstern rettleiar kvar 4 veke for fast tilsette
- Alle tilsette får 2 dagars grunnkurs i Map trening. (møte med aggresjons-problematikk)
- Regelmessig Map trening ligg fast i turnus
- Introduksjonskurs/brannkurs m.m via læringsportalen
- Fadderordning for nye medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- PBU er ein IA- bedrift, inkluderande arbeidsliv for ivaretaking av arbeidstakarar ved sjukdom
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haukelandsbakken nr. 15, Bus, blokk 2, 2 etg, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
vernepleier,, sykepleier,, videreutdannelse,, PBU
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321180165
- Sist endret