Vegplanleggar nord
Statens vegvesen
- Frist 9.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Bli med på å forme framtidas transportløysingar!
Om stillinga
Som vegplanleggar hos oss vil du arbeide med modellbasert planlegging og prosjektering av veganlegg i alle planfasar, samt oppfølging i byggetid. Du skal og bidra til utarbeiding av teknisk beskrivelse i samsvar med prosesskode og gje innspel til plankart, føresegner og planskildring til reguleringsplan.
Andre arbeidsoppgåver er vegfagleg rådgjeving og kvalitetssikring etter lovverk, gjeldande handbøker og standardar.
Du får delta i tverrfaglege prosjektgrupper, og bidra til å engasjere og følgje opp eksterne rådgjevarar. Du skal bidra i mange prosjekt, og vil få varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein hektisk arbeidskvardag.
Mykje av arbeidet skjer i fellesskap med andre. Vi jobbar mykje digitalt i prosjekta, men du må rekne med noko reiseaktivitet.
Stillinga kan lokaliserast i Tromsø, Bodø, Steinkjer, Molde og Ålesund. Andre kontorstadar der vi har medarbeidarar kan og vere aktuelle, ta kontakt for meir informasjon.
Teknisk planlegging er del av fagressursavdelinga på divisjon Drift og vedlikehald. Vi er landsdekkande med 46 medarbeidarar fordelt på 14 kontorstader. Fagområda våre er veg, VA/dren, landskap, grønt, kulturarv, naturmangfald og planleggingsleiing.
Les meir om å jobbe i Statens vegvesen og Drift og vedlikehald her. (https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/hvorfor-jobbe-i-statens-vegvesen/ta-vare-pa-vare-veier/)
Kompetansekrav
Vi ser etter deg som har:
- minimum 3 års relevant utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis innan veg-/transportplanlegging, bygg og anlegg eller liknande relevant fagkrets
- minimum 1-2 års relevant erfaring med planlegging/prosjektering av veg
- særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav
- gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- førarkort kl. B
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av dine papir og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Anna ønska relevant kompetanse:
- erfaring frå bruk av BIM/3D og digital samhandling i modell
- erfaring med andre aktuelle dataverktøy
- erfaring med Novapoint/Autocad
- erfaring innan støy/støyberekningar, skilt, trafikksikkerheit (TS)
Det vil også bli lagt vekt på:
- at du kan jobbe sjølvstendig
- praktisk og strukturert tilnærming til oppgåveløysing
- gode samarbeidsevner og at du kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
- at du er lærevillig og har interesse for å dele kunnskap vidare
- at du er fleksibel, tek initiativ og er open for nye utfordringar
Les dette før du søkjer!
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt seksjonsleiar Britt-Laila Jensen tlf. 480 39 185 eller seksjonsleiar Torill Felde tlf. 971 40 861.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Dreyfushammarn 31, 8012 Bodø
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Ingeniør, Samferdselsteknikk og arealplanlegging
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
vegplanlegging, BIM, prosjektering, prosjekt, bærekraft
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321173506
- Sist endret


