
Kunderådgjevar/Bankvert Florø
Sparebanken Sogn og Fjordane
- Frist 20.11.2022
Florø-kontoret søker ny kollega
Du vil vere det første, viktige kontaktpunkt mellom kunde og bank. Om du er kompetent og motivert, trivst med kundepleie og kan skape tillit og gode relasjonar - då er du kanskje den vi søkjer.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte
- Handtere henvendingar frå kundar - både digitalt og fysisk
- Avdekke kundens behov og sørge for ei god kundeoppleving
- Oppfølging og aktivitetar mot privatkundar
- Aktivt sal og marknadsføring av banken sine produkt og tenester
- Rådgjeving og kundeservice
Vi ser etter deg som er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt. Du er god på å sjå behov og å finne dei riktige løysingane for kundane. Du har ei solid vurderingsevne og er trygg og tydeleg i relasjon med kunden. Du trivst med å vere ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. Du får energi av ein variert kvardag med mykje kundekontakt - og ingen jobb er for liten eller for stor. Din digitale kompetanse er god. Relevant erfaring frå arbeid i kundeposisjon kan kompensere for utdanning. Du må ønskje å gjennomføre autorisasjonsordninger som krevst i rolla som kunderådgjevar.
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
For informasjon om stillinga kontakt banksjef Ole Aukland, tlf 932 32 605
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 70 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sted: Strandgata 45, 6900 Florø
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Kundeservice
Nøkkelord
Kunderådgjevar, bank, finans, kundeservice, kundeooplevelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 280116332
- Sist endret