Spennande jobb for sjukepleiar/vernepleiar
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Lokal sikkerheitsavdeling søkjer dyktig sjukepleiar/vernepleiar
- Frist
- 12.06.2018
- Ansettelsesform
- Fast
Vårt samfunnsoppdrag er å gje behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gje alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.
Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut, aktivitør og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle.
Ei anna sentral oppgåve kan vere judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Som sjukepleiar/ vernepleiar/ miljøterapeut vil du då inngå i eit rettspsykiatrisk team. Personen som er innlagd til observasjon er ikkje ein pasient, men ein observand. Din oppgåve her vil vere knytta til observasjon og skrive gode miljørapportar som rettspsykiatrisk sakkyndig skal bruke til å bedømme om vedkommande er tilregneleg eller ikkje i juridisk forstand.
Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Lokal sikkerheitspost har no ledig 100% fast stilling i todelt turnus som sjukepleiar/ vernepleiar med jobb pt. kvar 3. helg.
Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie/miljøterapi til pasientar som treng behandling og rehabilitering
- Du deltar i miljøbehandlinga i eit tema beståande av psykolog, psykiater, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, helsefagarbeidar og ergoterapeut
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
- Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten Vurdere og lage handteringsplanar ifht valdsrisiko
- Utforme kortsiktige- og langsiktige behandlingsplanar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/ vernepleiar gjerne med vidareutdanning innan: rus og psykiatri, SEPREP eller psykisk helsearbeid
- Må ha erfaring frå psykisk helsevern eller rus
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søkje
Utdanning
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Sjukepleiar/vernepleiar
- Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad
Eigenskapar
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
- Du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- Du trivst i eit aktivt og travelt miljø
- Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du etterspør rettleiing
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- 15 000 kroner pr år i særtillegg
- Du vil få grundig opplæring
- Du får kompetanseutvikling i form av fagdagar og kurs
- Du får kurs i terapeutisk møte med aggresjon (TERMA) med moglegheit for trening kvar veke
- Opplæring i risikovurdering og risikovurderingsinstrumentet HCR-20
- Dette er ein stilling som gjev både fagleg og personleg utvikling
- Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Moglegheit for vidareutdanning i valdsrisikovurdering og valdsrisikohandtering (VIVO)
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
- Sykepleier / Psykiatri,
- Sykepleier
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Conrad A. Ravnanger
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Telefon
- 55 95 83 48
- Kontaktperson
- Britt Sissel Frøyen
- Stillingstittel
- Ass. avdelingsleiar
- Telefon
- 55 95 83 99
- Kontaktperson
- Synne Gripsrud
- Stillingstittel
- Ass.seksjonsleiar
- Telefon
- 55 95 83 47
Følg firma
2257 følger dette firmaet
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen