Bildegalleri
(1/16)
Beskrivelse over Sillejords præstegield i øvre Tellemarken i Norge.
Til salgs600 kr
Beskrivelse
Beskrivelse over Sillejords præstegield i øvre Tellemarken i Norge. Tilligemd et geographisk Chart over samme. Forfattet af Hans Jocob Welle. Capellan pro persona sammesteds. København 1786. Trykt på Gyldendals Forlag hos Johan Rudolph Thiele. Helliges denne Beskrivelse i dybeste Underdanighed af Forfatteren.
Ser litt for ny til å være fra 1786!
Hans Jacob Wille var ein norsk opplysningstidsprest og topografisk forfattar. Som topograf var han eit førebilete i samtida, og skriftene hans er i dag viktige kjeldeskrift på mange fagområde.
Bakgrunn
Wille voks opp på Seljord prestegard som son av ein prest med sterke historiske og språklege interesser. Som ung kunne han vere ein stor spilloppmakar. Frå skuletida i Danmark hadde han til dømes fått med seg fosfor, og utkledd som sjølvlysande djevel sette han ein støkk i lensmannen.
Wille gjekk på Frederiksborg skole på Sjælland, vart student i 1775 og tok teologisk embetseksamen ved universitetet i København i 1779. Etter det tok han til som personalkapellan hjå faren i Seljord, ei slik stilling medførte lite løn.
Stillinga som personalkapellan gav derimot stor fridom til å samle topografisk materiale. Det var i denne tida Wille fekk utvikle sine sterke naturvitskaplege og kulturhistoriske interesser. Han var ottefull for framtida sidan halvbroren snart skulle overta kapellanstillinga, og han hadde ikkje kontaktar nok til å få ei godt løna prestestilling. Wille og fleire med han såg på arbeid med topografiske skrifter som meriterande når det galdt embetssøknader, men for han gav det lite utteljing.
I 1782 publiserte han delar av Sillejords Beskrivelse i Christiansandske Uge-Blad. Dette må professor Hans Strøm, sokneprest til Eiker, ha merka seg. Strøm blei snart Willes rettleiar i naturforsking, og Wille blei personalkapellan hjå Strøm i 1786.
Ynskjet om godt løna prestestilling førte han straks etter til København for å søkje støtte til embetssøknader hos høgtståande personar. I 1788 blei Wille sokneprest til Grytten i Romsdal og i 1792 sokneprest ved Vår Frue kyrkje i Trondheim, i 1794 notarius ved domkapitlet og til sist stiftsprost same stad i 1798.
Willes hovudverk er Beskrivelse over Sillejords Præstegield (1786), som omtalar fire forhold: geografisk-historiske, fysiske (jord, planter, dyr), økonomiske (jordbruk og livsopphald) og politiske (om folket). Wille var korresponderande medlem av Det topographiske Selskab for Norge, og i deira Topographisk Journal i 1792 fekk boka god omtale.
Samstundes arbeidde Wille på ei ordbok basert på ordtilfanget i Seljord. Ho blei ikkje prenta, men avskrifter er likevel nytta av både Laurents Hallager og Ivar Aasen i deira ordbøker. Føremålet til Wille var ikkje å reise eit nytt skriftspråk, men å hjelpe prestekollegaer til å forstå undersåttane sine. Truleg hadde han nok også ei von om å gjere det danske språket i Noreg rikare. Originalmanuskriptet er kome i prenta utgåve 1975.
Sjølv etter at Wille var blitt prest i Eiker, reiste han attende til Telemark og samla stoff til ei omtale av heile Telemark. Særleg var han på leiting etter gamle skinnbrev og sjeldne bøker. Manuskriptet blei borte under ein brann i København, men innleiinga vart berga og er gjeven ut. Elles gav Wille ut skrifter om mytologi, runeinnskrifter og botanikk.
Wille var sekretær i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i 1793–1804 og arbeidde for at dette skulle bli eit norsk universitet. Vidare var han medlem av Det skandinaviske Literatur Selskab og fleire vitskapsselskap i Preussen, Frankfurt an der Oder, Newcastle og Göteborg.
Den store boksamlinga til Wille blei etter at han var død selt på auksjon, likeins brev- og manuskriptsamlinga. Det var ikkje mange i Trondheim som såg verdien i dette, men mykje er i ettertid blitt samla i biblioteket til Vitenskapsselskapet.

NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
Generell info
Hentes i Oslo eller sendes. Ring eller tekst til 924 35 058 for å diskutere hentingen eller sendingen.
Beliggenhet
| FINN-kode | 447429817 |
|---|---|
| Sist endret | 22.1.2026 kl. 18:08 |