FINNJobbSøkOsloSt.Hanshaugen - Ullevål
Bilde fra arbeidsgiver
NRK logo
NRK
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Journalist

Vikariat stilling ∙ Heltid ∙ Oslo
  • Søknadsfrist 11.12.2026
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Om denne oppsummeringen

Formidle nyheiter gjennom nett, radio og TV som sommarvikar i ein av NRK Nyheiter sine redaksjonar, med oppgåver tilpassa den enkelte redaksjonen.

Kvalifikasjoner

  • Noe erfaring fra journalistisk arbeid
  • God språkkompetanse i bokmål og/eller nynorsk
  • Samfunnsengasjert
  • Erfaring med foto, videoredigering og direktesendinger
  • Kjennskap til redigeringssystemet RIO

Hva vi tilbyr

  • Opplæring i redigeringssystemet RIO
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch
Vis mindre
Vis hele kortversjonen

Vil du jobbe i ein av landets travlaste nyheitsredaksjonar sommaren 2027?

NRK Nyheiter søker etter engasjerte sommarvikarar med noe journalistisk erfaring til å vere med å formidle nyheiter gjennom nett, radio og TV. Som ein sentral aktør i norsk samfunnsliv, tilbyr NRK eit solid fagmiljø og eit viktig samfunnsoppdrag – å styrke demokratiet og engasjere heile Noreg. Her får du jobbe i eit innovativt miljø som fremjar fagleg utvikling og samarbeid på tvers av plattformar.

Vi ønsker din CV, kort om motivasjonen din og svar på nokre spørsmål. Skriv også kvar hos oss du kunne tenke deg å jobbe.

Vi vurderer søknader løpande, så søk gjerne tidleg!

I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som kan nett, radio og/eller TV.

Her er nokre av redaksjonane du kan søkje deg til:

Breakingdesken
Likar du å jobbe med det som skjer, når det skjer? På breakingdesken treng vi sommarvikarar som:

  • Breakingjournalist
  • Fotojournalist

Breakingdesken er NRKs førstelinje og skal sørge for rask respons og presis formidling av nyheiter og hendingar i både Noreg og verda elles. Vi skal gi oversikt og forklaring frå start, ha riktig informasjon med nødvendig kontekst, slik at publikum forstår og blir opplyste: Først med kva som skjer – og kvifor det skjer.

Redaksjonen har sitt primæroppdrag på NRK.no, men skal også vere ein journalistisk motor i alle breakingsaker – til fordel for resten av NRKs plattformer.

Har du spørsmål? Ta kontakt med: Lars Hægeland, redaksjonsleiar Breaking (Tlf. 41270130) eller Simon Solheim, redaksjonssjef Breaking (Tlf. 98604319)

Redaksjon Noreg
Vi vil ha engasjerte og nysgjerrige journalistar som er gode til å omsetje idear til saker i faggruppene krim, kultur, økonomi og politikk. Vi søker motiverte og idérike kollegaer med noko journalistisk erfaring, men det viktigaste hos oss er at du har ei brennande fagleg interesse. Du er dyktig til å formidle og har journalistisk tryggleik på metode, språk og etikk. Du kan TV og/eller radio i tillegg til nett.

Har du spørsmål? Ta kontakt med: Sophie Lorch-Falch, redaksjonssjef Noreg (Tlf. 45511094) eller Ole N. Olsen, redaksjonsleiar Noreg (Tlf. 48151248)

Les meir om dei andre redaksjonane lenger ned.


Meir om redaksjonane

Redaksjon Verda
Vi ser etter deg som brenn for utanriks-, klima- og teknologijournalistikk. Du må ha erfaring frå minst to publiseringsplattformer (TV, nett, radio). Gode samarbeidsevner er viktige i jobben, det same er brei kunnskap om internasjonale forhold. Du klarer å formidle komplekse problemstillingar og har god forståing for presseetikk. Du må kunne snu deg raskt og jobbe effektivt når det kokar.

Har du spørsmål? Ta kontakt med: Anne Weider Aasen, konst. redaksjonssjef Verda (Tlf. 41423342) eller Ann Iren Finstad, konst. redaksjonsleiar Verda (Tlf. 95791501)

Nyheitsmorgon og Dagsnytt
Glad i lyd? Nyheitsmorgon-redaksjonen ser etter vakne og idérike sommarvikarar som vil vere med på å lage morgonsendingar på radio og TV. Vi treng også flinke folk til å lage korte nyheitssendingar på radio i Dagsnytt kvar time gjennom døgnet. Vil du utvikle deg som journalist, kan vi tilby ein spennande sommar med mange direktesendingar og engasjerte kollegaer.

Kontaktperson: Silje Sande (Tlf. 90196203)

Direktesendingar TV, nett og radio
Sendedesken leitar etter reporterar som har nyheitspulsen i blodet. Du er ein rask og effektiv journalist som er trygg på videoredigering i høgt tempo, og som likar å dekkje det som skjer, gjerne direkte framfor kamera. I denne jobben er du med på å lage direktesendingar til radio, TV og nett gjennom dagen, og bidrar til den løpande journalistikken til NRK Nyheiter på alle plattformar. Opplæring i redigeringssystemet RIO får du ved oppstart.

Kontaktpersonar: Simon S. Yset, redaksjonssjef Sendedesken (Tlf. 92055391) eller Solveig Underbakke Lien, redaksjonsleiar Sendedesken (Tlf. 41692234)

Video- og fotojournalist
Likar du å tenke visuelt frå start i historiefortellinga? Har du eigne visuelle idear og god gjennomføringsevne? Vi i NRK Nyheiter ønsker deg med ein visuell ambisjon med på laget for å utvikle og å gjere innhaldet vårt levande til TV og nett. Som visuell journalist må du ha erfaring med foto, stillbilete, videoredigering og live/direktesendingar. Du samarbeider godt i tverrfaglege team, og du held hovudet kaldt inn mot deadline. Du trivst i ein turnus med både dagtid, kveldar og helger, og du taklar uføreseielege, men spennande, arbeidsdagar!

Kontaktpersonar: Christian Grotnes, redaksjonsleiar Dybde og Visuell (Tlf. 97766161) og Mohsan Basit, gruppeleiar Visuell Publisering (Tlf. 92011844)

Lyst til å lage innhald til sosiale medium?
Forklaring-redaksjonen set dagsorden med saker som unge er opptekne av, og får fram dei unge sine perspektiv. Vi publiserer daglege nyheiter på TikTok og Instagram, samt NRK Forklarer-videoar og visuelle artiklar på nrk.no.
Vi er på jakt etter journalistar som kjenner den unge målgruppa godt, og som klarar å lage engasjerande journalistikk om og for eit ungt publikum.

Kontaktperson: Ingrid Indseth (Tlf. 95155532)

Dagsnytt 18
Dagsnytt 18 treng researcherar med god oversikt over norsk samfunnsliv. Du må ha interesse for det offentlege ordskiftet og ein utvikla sans for det som engasjerer.

Kontaktperson: Kyrre Nakkim (Tlf. 91607122)

Ytring
Ytring-redaksjonen søker deg som ser potensialet i ein kronikk, klarer å finne nye stemmer i samfunnsdebatten og har gode samarbeidsevner.

Kontaktperson: Kyrre Nakkim, (Tlf. 91607122)

Kvalifikasjonar

  • Vere samfunnsengasjert
  • Ha litt erfaring frå journalistisk jobbing frå før
  • God språkkompetanse (bokmål og/ eller nynorsk)

I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som kan nett, radio og/eller TV. Vi treng også eit mangfald av perspektiv og erfaringar.

Personlege eigenskapar

  • Kan jobbe under press og behalde fokus i møte med utfordrande situasjonar og stramme tidsskjema
  • Er fleksibel og tilpassar seg raskt når situasjonen krev det
  • Er robust og har ei optimistisk haldning til utfordringar
  • Har gode samarbeidsevner og jobbar godt saman med andre for å nå felles mål

Vi tilbyr

  • Ein spennande sjanse til å jobbe i ein av landets største nyheitsredaksjonar
  • Eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø med store ambisjonar
  • Ein viktig jobb der du får bidra til NRK sitt oppdrag om å opplyse, forklare og gje verdi til det norske samfunnet
  • Ein spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag

Fint å vite om søknadsprosessen:

Offentleg søkjarliste

NRK er underlagt offentleglova. Når du søkjer jobb hjå oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å bli unnateken denne søkjarlista. Da må du i så fall grunngje kvifor. Vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Dersom vi ikkje kan det, høyrer du sjølvsagt frå oss før vi gjer søkjarlista offentleg.

Bakgrunnssjekk og risikovurdering

NRK kan gjennomføre bakgrunnssjekk av finalekandidatar i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga. For aktuelle kandidatar med tilknyting til land som er definerte som høgrisiko av nasjonale tryggleiksmyndigheiter, vil det bli gjennomført ei vurdering av tilknyting og risiko.

Ferdigheter AI-generert

  • Bilde - og videoredigering
  • Bokmål
  • Direktesending
  • Kriminaljournalistikk
  • Nyhetsjournalistikk
  • Politisk journalistikk
  • Videojournalistikk

Om arbeidsgiveren

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

  • Sted: Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1, 0340 Oslo
  • Bransje: Medie- og innholdsproduksjon
  • Stillingsfunksjon: Journalist

Spørsmål om stillingen

OA

Ole Amund Brørby

HR-sjef

47 61 39 20Kopier telefonnummer 47 61 39 20
MM

Marie Mordt

rekrutteringspartner

48 30 03 19Kopier telefonnummer 48 30 03 19

Arbeidssted

Kart
Søknadsfrist: 2 uker igjen
Legg til som favoritt
Følg firma

5 865 følger dette firmaet

Hold deg oppdatert på nye og relevante jobbannonser fra dette firmaet. Logg inn for å kunne følge dem.

Ikke nåLogg inn
Bedriftens profilbilde
NRK - Norsk Rikskringkasting AS logo

NRK - Norsk Rikskringkasting AS

Vil du jobbe i NRK?
  • Flere stillinger
  • Les om arbeidsplassen
  • NRK på LinkedIn
Karrieremuligheter i NRK

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 481732571
  • Sist endret: 25.11.2026, 12:26
  • Org.nr.: 976390512Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse