Bildegalleri
Fin kalblodstraver til salgs❤️
Til salgs
60 000 kr
Beskrivelse av varen
Mankehøyde: 154 cm
Kjønn: Vallak
Fødselsår: 2017
Det er med tungt hjarte eg legg ut godguten min Børtveitn, til vanleg kalla Børten, for sal. Han er ein 9 år gammal kaldblodstravar som eg har hatt gleda av å eige i snart 2 år. Hadde han på for 1 år før eg kjøpte han. No håpar eg å finne den rette personen som kan gi han eit forevig heim.
Børten er ein snill og triveleg hest å ri, og er med på alle slags turar, uansett kvar turen går. Han er ein hest som likar å vere med og oppleve ting.
**På bana:** Børten er veldig flink i dressuren og prøver alltid sitt beste. Han kan galoppsjenkel, men det kan gå litt fort dersom han ikkje blir samla, så dette er noko ein må vere merksam på. Han elskar å hoppe og har ein flott teknikk over hinder. Så langt har han hoppa kombinasjon på 80 cm, og eg trur han har mykje potensial å utvikle vidare innan både sprang og dressur.
I all handtering er han ein snill og grei kar. Han er grei med skoar, dyrlege og elles alt av stell og handtering.
**Heimen eg ønskjer for Børten:** Eg ønskjer at han skal kome til ein heim der han får masse tur og mykje utetid. Det viktigaste for meg er at han får eit godt hesteliv, blir sett pris på og får moglegheita til å utvikle potensialet sitt innan både sprang og dressur. Eg håpar å finne nokon som vil bruke tid på han og gi han den variasjonen og oppfølginga han fortener.
Børten seljast utan utstyr.
Det er sjølvsagt mogleg å kome og prøve han og bli godt kjend med han før eit eventuelt kjøp.
Ta gjerne kontakt ved interesse, spørsmål eller for meir informasjon. Videoer av han kan sendes om ønskelig. Fortel gjerne litt om deg sjølv og kva heim du kan tilby Børten.
Berre seriøse henvendingar ❤️
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 23.11.2026 kl. 23:46 ・ FINN-kode: 481636713
