Avdelingsleiar
- Søknadsfrist 20.12.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Vil du leie eit viktig knutepunkt i helse- og omsorgstenestene?
Vi har ledig 100 % vikariat som avdelingsleiar for tildelingskontoret.
Vikariat periode: 01.03.2027 - 15.08.2028
Har du eit engasjement for gode tenester, rettstryggleik og utvikling? Vi ser etter ein trygg og framtidsretta leiar som vil vere med på å sikre at innbyggjarane i Hemsedal får rett hjelp til rett tid.
Tildelingskontoret er kommunen sitt forvaltningskontor for helse- og omsorgstenester. Her møtest faglege vurderingar, lovverk, innbyggjarane sine behov og kommunen sine ressursar. Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å utvikle heilskaplege, berekraftige tenester med vekt på tidleg innsats, meistring og kvalitet.
Dette blir di rolle
Leie og utvikle tildelingskontoret, med ansvar for personal, fag og økonomi.
Sikre forsvarleg sakshandsaming, gode individuelle vurderingar og kvalitet i tildeling av tenester.
Bidra til samhandling på tvers av fagmiljø og tenester, slik at innbyggjarane møter eit heilskapleg tilbod.
Ta aktiv del i utviklingsarbeidet i helse og omsorg og bidra til gode løysingar innanfor faglege, juridiske og økonomiske rammer.
Støtte, inspirere og utvikle medarbeidarar i eit viktig kompetansemiljø.
Vi ser etter deg som
Har relevant helse- og/eller sosialfagleg utdanning frå høgskule eller universitet
Har god kjennskap til relevant lovverk og erfaring med sakshandsaming
Har relevant leiarerfaring; leiarutdanning er ønskjeleg, men lang leiarerfaring kan kompensere for manglande formell leiarutdanning
Kommuniserer tydeleg, byggjer gode relasjonar og skaper tillit
Arbeider strukturert og heilskapleg, tek gode avgjerder og står støtt i krevjande vurderingar
Ser moglegheiter for utvikling og evnar å få andre med på endring
Dette kan vi tilby
Ei meiningsfull leiarrolle med høve til å påverke tenestene og utviklinga i kommunen.
Ein variert arbeidskvardag med engasjerte kollegaer og spennande faglege problemstillingar.
Eit arbeidsmiljø med samarbeid, ansvar og rom for initiativ.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Praktisk informasjon
Tildelingskontoret er organisert i kommunalsjefområdet helse og omsorg. Avdelingsleiaren rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg.
Søknad skal sendast elektronisk. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden.
Vi håpar å høyre frå deg!
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Hemsedal kommune har rundt 300 ansatte som jobber for å ha et godt tjenestetilbud for alle innbyggerne, uansett alder og bosted. Folkehelse er et satsingsområde i Hemsedal, og her er et godt utbygd trenings- og aktivitetstilbud. Hvert eneste år flytter det mennesker fra andre deler av landet, og utlandet, til Hemsedal. En viktig forutsetning for Hemsedal som samfunn, er at vi legger til rette for folk som bor og flytter hit, slik at de trives og blir værende.
- Sted: Hemsedalsvegen 2889, 3560 Hemsedal
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Omsorg og sosialt arbeid
Spørsmål om stillingen
Arbeidssted
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 481618193
- Sist endret:
- Org.nr.: 964952701Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
