FINNJobbSøkVestlandAlver
Alver kommune logo
Alver kommune
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Helsefagarbeider 80%

Fast stilling ∙ Deltid ∙ Isdalstø
  • Søknadsfrist 10.12.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Om denne oppsummeringen

Yte helsehjelp, praktisk bistand og miljøarbeid for beboere i bofellesskap, samt utføre dokumentasjon og veilede lærlinger.

Kvalifikasjoner

  • Autorisasjon som helsefagarbeider
  • Førerkort kl. B
  • Gode norskkunnskaper, muntlig og skriftlig
  • Tilfredsstillende politiattest

Hva vi tilbyr

  • Årsturnus med mulighet for innspill til egen arbeidstid
  • Årslønn på 475 300 - 551 100 kroner etter ansiennitet
  • God pensjonsordning i KLP
  • To dagers KomLab-kurs
  • Gratis parkering
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch
Vis mindre
Vis hele kortversjonen

Ynskjer du langvakter i eit arbeidsmiljø der du får vere både fagperson og medmenneske?

Om stillinga

Me søkjer ein engasjert og fagleg interessert helsefagarbeider i en 80 % fast stilling til Stallanemarka burettslag. Stillinga inneber arbeid med kortvakter i vekedagene og langvakter på 12,5 timar kvar 4. laurdag og sundag. 

Oppstart er etter avtale.

Om oss 

Stallanemarka burettslag husar 10 fantastiske mennesker, og er staden der både bebuarar og tilsette bidreg til å skapa eit bumiljø som er like solid som husveggene - og minst like hjartevarmt. Hos oss får du ein arbeidskvardag der du både utviklar faget, utviklar deg sjølv og gjer ein tydeleg skilnad. Her blir du sett og støtta - og du får bidra i eit miljø som heiar på kompetanse, refleksjon og humor.

Du møter ei samansveisa faggruppe som lever etter mottoet: «Det er lov å le - helst ofte!». I denne stillinga får du bruke deg sjølv og fagkompetansen din på ein måte som gjer ein reell forskjell. Du bidreg til tryggleik, føreseielegheit og ein meiningsfull kvardag for bebuarane.

Som helsefagarbeidar arbeider du for å fremje sjølvstendiggjering, medverknad og meistring, og du støttar bebuarane i å ta eigne val. Du blir del av eit engasjert lag som spelar kvarandre gode - og du får bruke dei relasjonelle og faglege styrkane dine i eit arbeid som verkeleg betyr noko!

Arbeidsoppgåver

  • Yte helsehjelp i tråd med vedtak og gjeldande rutinar.
  • Gi praktisk hjelp, rettleiing og oppfølging i daglege gjeremål.
  • Delta i miljøarbeid og gjennomføring av målretta tiltak.
  • Følgje og leggje til rette for aktivitetar og deltaking i samfunnet.
  • Utføre observasjon, dokumentasjon og rapportering.
  • Ivareta primærkontaktoppgåver.
  • Samarbeide med vernepleiarar, sjukepleiarar og anna fagpersonell.
  • Rettleie og følgje opp lærlingar

Krav til kompetanse 

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Førerkort kl. B.
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

     

Det er eit føremon om du har: 

  • Erfaring frå arbeid i  bufellesskap
  • Gjennomført opplæring i legemiddelhandtering
  • Kjennskap eller erfaring frå arbeid med personar i autismespekteret
  • Kjennskap eller erfaring med ASK - alternativ og supplerande kommunikasjon 
  • Kjennskap til eller praksis frå arbeid etter helse‑ og omsorgstenestelova kapittel 9 
  • Erfaring i rettleiing
  • Digital kompetanse
  • Interesse i fysisk aktivitet

Kven er du?

Du skaper tryggleik rundt deg, og kollegaer og brukarar opplever deg som varm, til stades og påliteleg. Du er strukturert, engasjert og tek ansvar på ein naturleg måte. Du ser potensialet hos brukarane og bidreg til eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Du deler kunnskap raust, liker å rettleie lærlingar og bygg gode relasjonar internt i avdelinga og eksternt med samarbeidspartnarar - noko som gjer deg til ein særleg verdifull ressurs.

For å få eit mangfald i personalgruppa oppmodar me menn til å søkje.

Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb med stor moglegheit til å påverke kvardagen til bebuarane!
  • Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • Systematisk rettleiing og oppfølging
  • Årsturnus med moglegheit for innspel til eigen arbeidstid
  • Kompetanseutvikling gjennom kurs og opplæring
  • God pensjonsordning i KLP
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk i samsvar med ansiennitet:
    475 300 - 551 100
  • 2 dagers KomLab kurs
  • Gratis parkering 

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

Ferdigheter AI-generert

  • Microsoft Teams

Om arbeidsgiveren

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 

  • Sted: Lonsvegen 70, 5914 Isdalstø
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell

Videospiller

Spørsmål om stillingen

BK

Bjørg Konglevoll Lunde

Einingsleder

99 31 66 42Kopier telefonnummer 99 31 66 42

Arbeidssted

Kart
Søknadsfrist: 2 uker igjen
Legg til som favoritt
Følg firma

555 følger dette firmaet

Hold deg oppdatert på nye og relevante jobbannonser fra dette firmaet. Logg inn for å kunne følge dem.

Ikke nåLogg inn

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmesideBli kjent med ALVER KOMMUNE

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 481610161
  • Sist endret: 23.11.2026, 14:35
  • Org.nr.: 920290922Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse