Bildegalleri

Fullt møblert studioleilegheit på Nygårdshøgda – straum og internett inkludert

Månedsleie
16 000 kr
Depositum
16 000 kr
Inkluderer
Strøm, internett
Nyhet

Lei denne boligen raskt og smidig, uten depositum!

  • Gyldig kredittsjekk? Da betaler du ikke depositum
  • Sikker digital leiekontrakt
  • All betaling håndteres trygt
  • Ingen skjulte avgifter
Din månedskostnad med Trygg leie blir
16 797 kr

Prisen inkluderer et tjenestegebyr på 4,98 % per måned.

Trygg leie leveres i samarbeid med

Nøkkelinfo

Primærrom
30 m²
Boligtype
Leilighet
Soverom
0
Etasje
1.
Leieperiode
01.12.2026

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Møblert
Bredbåndstilknytning
Parkett
Rolig
Sentralt

Beskrivelse

I Harald Hårfagres gate 33 kan du flytte rett inn i ei fullt møblert studioleilegheit på ca. 30 m². Her bur du i ein herskapeleg bygard på Nygårdshøgda, skjerma frå bylivet og med berre om lag 100 meter til Universitetsmuseet. Universitetet, kafear, restaurantar og butikkar ligg i gangavstand.

Leilegheita har gang, stove med open kjøkkenløysing, sovealkove og eige bad. Alle møblane er nye. Sovealkoven har ei 140 cm brei seng og ein sovehems med 100 cm brei madrass. Sofaen i stova er ein sovesofa som blir ei 140 cm brei seng, så det er god plass til overnattingsgjester. Kjøkkenet er utstyrt med kjøleskap, steikjeomn, oppvaskmaskin og det vanlegaste kjøkkenutstyret. På badet er det dusj, vaskemaskin og tørketrommel. TV følgjer òg med.

Leilegheita ligg i 1. etasje, godt over gateplan, og ein liten hage skjermar bygningen frå vegen. Du går gjennom hagen for å kome til inngangsdøra. Der står eit lite kaffibord med to stolar som du kan bruke, felles med dei andre i bygarden.

Den ytre entreen er felles med ei anna bueining. Frå entreen har du eiga, låsbar dør inn til leilegheita.

Leige og innflytting

  • Ledig frå 1. desember 2026.

  • 16 000 kr per månad ved leige i seks månader eller meir.

  • Straum og internett er inkludert.

  • Kortare leigeperiode er òg mogleg, til ein noko høgare månadspris. Ta gjerne kontakt for pris for perioden du ønskjer.

  • Depositum: to månadsleiger.

  • Leilegheita er røykfri og blir leigd ut til roleg(e) leigetakar(ar).

Interessert? Send gjerne ei melding via FINN med nokre ord om deg sjølv, når du ønskjer å flytte inn, og kor lenge du ser for deg å leige.

Visning

tirsdag, 01. desember

Profilinfo

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode481390757
Sist endret20. nov. 2026 15:04

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.