Bildegalleri
Tasmanian Tiger Range Pack MK II - 100 L
Til salgs
Frakt fra 229 kr + Trygg betaling 238 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Etter levering har du 24 timer til å se over varen. Hvis noe er galt med varen, kan du stanse handelen.
Lag en pakke
Kjøp mer fra selgeren og betal bare én fraktkostnad.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Storsekk på 100 liter, 90 + 10, i fargen Coyote Brown. Sekken er laga i cordura, så den er utruleg slitesterk. Den er utstyrt med flust av mulegheiter for å justere, stramme og komprimere sekken på alskens tenkelege måtar. Og har godt med lommer. Her kan du organisere på mikronivå og vite kor henvist enkelt fyrstikk er. Heilt prima etter ein lang dag på tur og hjernen ikkje er i stand til å leite i ein kaotisk sekk.
Topploket har to lommer, ei lita ei og ei svær. På utsida er det to lommer, ei på kvar side av sekken, på 5 liter kvar. Desse kan takast av storsekken viss du giddar. Sjå bilete. Inni er det lommer og organiseringsmulegheiter, MOLLE i massevis. På framsida av sekken er det ei lomme på 7 liter. Denne kan takast av storsekken på mykje enklare vis (glidelås) og brukast som ein sjølvstendig sekk. Den har lomme for drikkesekk og reim for å henge sekken opp i eit tre for eksempel. Hovudrommet i storsekken er digert, og under hovudrommet er det eit eige stort rom. Dette kan du nå frå utsida, eller du kan opne glidelåsen innvendig og gjere hovudrommet endå større.
Sekken er utruleg behageleg å gå med. Hoftebeltene og skulderreimene er godt polstra og skikkeleg feite. Funkar til og med på damehofter, ikkje verst berre det! Rygglengda kan justerast frå petite til 2 meter lang kar.
Den er så lite brukt at det er nesten flaut. Den har vore med på ein kort tur til fjells, og har veldig lite bruksmerker (sjå bileta).
Nypris er 6100 kr.
Useriøse bud blir ikkje besvart.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 22.11.2026 kl. 00:09 ・ FINN-kode: 481328686
