FINNJobbSøkVestlandAlver
Alver kommune logo
Alver kommune
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Undervisningsstilling 100% vikariat

Vikariat stilling ∙ Heltid ∙ Manger
  • Søknadsfrist 02.12.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Om denne oppsummeringen

Undervisning på ungdomstrinnet i fagene norsk, engelsk og spesialpedagogikk, samt noe arbeid som vikar ved oppståtte behov.

Kvalifikasjoner

  • Godkjent lærerutdanning
  • Undervisningskompetanse for ungdomsskolen
  • Kompetanse i norsk, engelsk og spesialpedagogikk
  • Tilfredsstillende politiattest

Hva vi tilbyr

  • God pensjonsordning i SPK
  • Ansettelse i samsvar med gjeldende lov- og avtaleverk
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch
Vis mindre
Vis hele kortversjonen

Radøy ungdomskule ser etter ein engasjert og dyktig lærar

Har du eit stort engasjement for ungdom og eit ønske om å utgjere ein skilnad?

Radøy ungdomsskule søkjer ein dyktig og engasjert lærar til eit 100% vikariat frå 01.01.2023-31.07.2027. Du vil få mogelegheit til å bli ein del av eit aktivt læringsmiljø som jobbar målretta for elevane sin trivsel og utvikling.

Radøy ungdomsskule ligg sentralt på Manger med nærleik til flott natur. Skulen har 28 tilsette som brenn for å skape ein god læringsarena for våre flotte elevar. 

Arbeidsoppgåver

I denne rolla vil du få mogelegheit til å utøve verdas beste og viktigaste jobb - undervisning!

Du vil vere med på å skape eit inkluderande og støttande skulemiljø der elevane trivst og lukkast. Saman med våre engasjerte medarbeidarar vil du samarbeide om felles skuleutvikling og bidra  til å leggje til rette for eit sterkt samarbeid mellom skulen og heimen. 

Det er for tida ledig eit vikariat som lærar i 100% stilling frå januar 2026.

Aktuelle fag er norsk, engelsk og spesialpedagogikk. Noko av stillinga vil vere fast vikar til behov som oppstår.

Kvalifikasjonskrav 

Vi ser etter ein lærar med godkjent lærarutdanning og undervisningskompetanse for ungdomsskulen. Du har sterke faglege og didaktiske kunnskapar. Du er ein tydeleg og strukturert klasseleiar som evnar å tilpasse undervisninga til kvar einskild elev sine behov. 

Det er ønskeleg med kompetanse i norsk, engelsk og spesial pedagogikk.

Kven er du?

Vi verdset eigenskapar som evna til å byggje sterke relasjonar til både ungdommar og vaksne. Fleksibilitet, løysingsorientering og samarbeidsvilje er viktige eigenskapar for å trivast i vårt dynamiske miljø. Du har høge ambisjonar for elevane, kollegaene og deg sjølv, og set alltid elevane sin trivsel og læring først. Di positive haldning og gode humør vil bidra til ein inspirerande og energisk arbeidsplass. Du er ein tydleg og strukturert klasseleiar som evnar å tilpasse undervisning til kvar einskild elev sine behov. 

Me tilbyr

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag i eit inkluderande og utviklingsorientert miljø. 
  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til  livet til mange
  • God pensjonsordning i SPK
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med opplæringslova § 10- 9vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

Ferdigheter AI-generert

  • Microsoft Teams
  • Norsk

Om arbeidsgiveren

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

  • Sted: Idrettsveien 15, 5936 Manger
  • Bransje: Barn, skole og undervisning
  • Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk

Videospiller

Spørsmål om stillingen

MH

Marianne Herø

Rektor

98 61 54 15Kopier telefonnummer 98 61 54 15

Firmaets beliggenhet

Idrettsveien 15, 5936 Manger

Kart
Søknadsfrist: 13 dager igjen
Legg til som favoritt
Følg firma

556 følger dette firmaet

Hold deg oppdatert på nye og relevante jobbannonser fra dette firmaet. Logg inn for å kunne følge dem.

Ikke nåLogg inn

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmesideBli kjent med ALVER KOMMUNE

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 481267933
  • Sist endret: 18.11.2026, 15:10
  • Org.nr.: 920290922Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse