Bildegalleri
Lys og praktisk 2-roms leilegheit på Lindborg i Førde – kalenderåret 2027
- Månedsleie
- 14 500 kr
- Depositum
- 30 000 kr
Lei denne boligen raskt og smidig, uten depositum!
- Gyldig kredittsjekk? Da betaler du ikke depositum
- Sikker digital leiekontrakt
- All betaling håndteres trygt
- Ingen skjulte avgifter
- Din månedskostnad med Trygg leie blir
- 15 222 kr
Prisen inkluderer et tjenestegebyr på 4,98 % per måned.
Trygg leie leveres i samarbeid med
Nøkkelinfo
- Primærrom
- 61 m²
- Bruksareal
- 61 m²
- Boligtype
- Leilighet
- Soverom
- 1
- Etasje
- 2.
- Leieperiode
- 01.01.2027 - 31.12.2027
Fasiliteter
Beskrivelse
Fin og velholdt leilegheit på 61 kvm til leige for éin person eller eit par i perioden 1. januar – 31. desember 2027. Leilegheita har sentral beliggenheit på Lindborg med gåavstand til både daglegvarebutikk og Førde sentralsjukehus.
Planløysing og standard:
Leilegheita har ei god og praktisk planløysing. Frå inngangspartiet har du soverom til høgre, bad til venstre og ope rett fram mot stova. Frå stova er det inngang til kjøkkenet i eige rom på venstre side, samt utgang til ein koseleg balkong på ca. 6 kvm.
I november 2025 vart det installert både ny balansert ventilasjon og ny varmtvassberedar, noko som gjev svært godt inneklima, frisk luft og jamn temperatur året rundt.
Dette følgjer med:
Møblar og kvitevarer: Leigast ut fullt møblert, inkludert TV, oppvaskmaskin og vaskemaskin. Dersom det er møblar du ikkje ønskjer, kan vi sjølvsagt fjerne desse.
Internett og straum: Raskt fiberbreiband (600 Mbps) frå Enivest er inkludert i husleiga. Leigetakar teiknar eige straumabonnement.
Oppvarming: Elektrisk oppvarming samt moglegheit for vedfyring. Ved er ikkje inkludert, men kan kjøpast av utleigar til avtalt pris ved behov.
Parkering og lagring: Eige parkeringsplass til 1 bil, samt tilgang til gjesteparkering. Det følgjer også med utebod og tilgang til felles bossrom for bossdunkar/sekkar og felles utstyr.
Praktisk om leigeforholdet:
Leilegheita er utleigars eigen bustad og leigast ut i eitt år (kalenderåret 2027) før utleigar sjølv flyttar tilbake.
Ta gjerne kontakt og skriv litt kort om deg/dykk sjølve dersom du er interessert, så avtalar vi visning!
Visning
Nærområdet
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.
