FINNJobbSøkVestlandStryn
Bilde fra arbeidsgiver
Stryn Betong AS logo
Stryn Betong AS
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

BLANDEOPERATØR

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Loen
  • Søknadsfrist 6.12.2026
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Privat

Kortversjonen

Om denne oppsummeringen

Operere og overvåke blandeverket, planlegge produksjon, sikre kvalitet, utføre vedlikehold og koordinere leveranser av betong.

Kvalifikasjoner

  • Vilje til å ta grunnkurs i betongproduksjon (eller ha det fra før)
  • Erfaring fra betong eller anlegg er en fordel
  • Gode norskkunnskaper, skriftlig og muntlig

Hva vi tilbyr

  • Fast stilling i en solid lokal bedrift
  • Full opplæring og kurs etter behov
  • Mulighet for videre utvikling innen betongfaget
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch
Vis mindre
Vis hele kortversjonen

Ansvar for hjartet i bedrifta?

Er du lidenskapleg oppteken av betong og trivst med å sjå konkrete resultat av arbeidet ditt? Då kan du vere den vi ser etter!

Stryn Betong styrkjer laget med blandeoperatør, som vil få ansvar for produksjonsprosessen, hjarta i bedrifta vår. Du får ei sentral rolle, og blir ein viktig del av laget som leverer betong til små og store byggjeprosjekt i Nordfjord.

Som blandeoperatør sørgjer du for at rett betong blir produsert til rett tid, og med rett kvalitet. Arbeidsdagen er variert, og du samarbeider tett med sjåførar, kundar og kollegaer.

Dette blir dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine

  • Operere og overvake blandeverket

  • Planleggje og koordinere den daglege produksjonen

  • Sikre at betongen blir produsert i samsvar med reseptar og kvalitetskrav

  • Gjennomføre kontrollar og dokumentere produksjonen

  • Ha kontakt med sjåførar og bidra til effektive leveransar

  • Utføre dagleg vedlikehald, reinhald og ettersyn av maskiner og utstyr

  • Bidra til god orden, tryggleik og eit godt arbeidsmiljø på anlegget

Vi ser etter deg som

  • Vilje til å ta grunnkurs i produksjon av betong, viss du ikkje har det frå før.

  • Erfaring frå betong eller anlegg er ein fordel.

  • Kommunisera godt på norsk, både munnleg og skriftleg.

  • Er oppteken av kvalitet, tryggleik og gode leveransar.

  • Er fleksibel, og evnar å snu seg fort rundt.

Dette får du hos oss

  • Ei fast og sentral stilling i ei solid lokal verksemd

  • Ein variert arbeidsdag med ansvar og påverknad

  • Full opplæring og kurs etter behov

  • Eit ekte arbeidsmiljø – vi bryr oss om kvarandre

  • Moglegheit til vidare utvikling innan betongfaget

Vi er opptekne av å spele på den kompetansen og dei interessene du har, og det vil vere mogleg å forme delar av rolla.

Klar for å bli ein del av laget? Hjå oss får du ikkje berre ein jobb. Du blir ein viktig del av laget som byggjer Nordfjord!

Ferdigheter

  • Betjene automatisert prosesskontroll
  • Betongproduksjon
  • Kvalitetskontroll
  • Lage tidsplaner for og ekspedere sjåfører
  • Produksjonsplanlegging
  • Vedlikehold av utstyr

Om arbeidsgiveren

Stryn Betong AS vart stifta i mai 1976. Vi leverer betong primært i Nordfjord, til mellom anna næringsbygg, fjøsar, hus og hytter. Selskapet har i dag fem tilsette med god og lang erfaring innan ferdigbetong. Vi betjener eit blandeanlegg og fem betongbilar.

  • Sted: Lovikvegen 60, 6789 Loen
  • Bransje: Bygg og anlegg, Industri og produksjon
  • Stillingsfunksjon: Produksjon

Spørsmål om stillingen

AF

Andrea Fardal Opseth

41 50 45 11Kopier telefonnummer 41 50 45 11

Firmaets beliggenhet

Lovikvegen 60, 6789 Loen

Kart
Søknadsfrist: 2 uker igjen
Legg til som favoritt
Følg firma

Bli den første til å følge dette firmaet!

Hold deg oppdatert på nye og relevante jobbannonser fra dette firmaet. Logg inn for å kunne følge dem.

Ikke nåLogg inn

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 481187489
  • Sist endret: 17.11.2026, 15:26
  • Org.nr.: 911588102Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse