Bildegalleri
Byte/sal: 1981-82 Hondo Deluxe H-760 strat
Til salgs
Frakt fra 109 kr + Trygg betaling 116 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Etter levering har du 24 timer til å se over varen. Hvis noe er galt med varen, kan du stanse handelen.
Lag en pakke
Kjøp mer fra selgeren og betal bare én fraktkostnad.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Gitartype: Elektriske gitarer
Ute etter å byte bort utstyr? Då kan du ta ein titt på denne, ein særs flott Hondo Deluxe H-760 frå 1981-82. Dette er ein skikkeleg god årgangsgitar som i mitt eige har fått stell og kjærleik:
- Mekanisk og kjemisk elektronikkrens (det trongst), slik at ma. mikrofonveljaren vart som ny
- Nytt volumpotmeter, Göldo av ypperleg japansk kvalitet
- Ny jackkontakt, True Tone som aldri kjem til å svikte deg (søk gjerne opp merket)
- Skjerma holrom
- Ny Wilkinson tremolo der vibarmen sit fast og fint. Han vil ikkje halde stemminga ved uhemma vibbing, men er rikeleg bra til litt gulldryss og elegant vibrato.
Gitaren er veldig fin etter alderen, nesten ikkje lakk- eller bandslitasje, og klar for mange nye år! Så vidt eg kan sjå er denne heilt original. God hals. Mikrofonane læt ikkje milelangt frå Hendrix. Lett og behageleg vekt og lang klanglengd. Ein gitar med personlegdom. Eg sel han fordi jakta på den perfekte straten held fram.
Aktuelle bytegitarar kan til dømes vera ein Tele, eventuelt ein thinline-telecaster, ein strat-type med topunkts vibrato og éin tonekontroll, ein Gretsch-liknande sak, noko med P90-mikkar, noko med Bigsby- eller Tremar-vibrato eller ein kombinasjon av fleire av desse.
Andre aktuelle byteobjekt er ein alt- eller tenorsaxofon i spelbar stand, eller ein stormembranmikrofon (gjerne stereosett og/eller røyrmikrofon). For alt dette kan mellomlegg vera aktuelt. Eit byte mot ei heilt alminneleg berbar datamaskin, som ein Lenovo, kan òg gå an. Så får eg til slutt understreke at eg gjerne byter bort mot vanlege pengar òg.
Her får du ein ettertrakta gamling i topp stand for ganske lite pengar. Eg pakkar godt, og kan sende. Søkjeord for sidemålsbrukarar: bytte, byttes.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 18.11.2026 kl. 16:30 ・ FINN-kode: 481137993
