FINNJobbSøkRogalandSauda
Bilde fra arbeidsgiver
Sør-Vest politidistrikt logo
Sør-Vest politidistrikt
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Politiinspektør/driftseiningsleiar Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Sauda
  • Søknadsfrist 30.11.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Om denne oppsummeringen

Leia geografisk driftseining Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord, med ansvar for budsjett, resultat, personal, HMS og polititenesta.

Kvalifikasjoner

  • Politiskole/Politihøgskole eller anna utdanning på minimum bachelornivå
  • Minimum 3 års relevant leiarerfaring med personalansvar
  • Leiarutdanning med minimum 30 studiepoeng (eller forplikting til å ta det)
  • God forståing for kriminalitetsførebygging, etterretning, operativt politiarbeid og etterforsking
  • Kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG og ha plettfri vandel

Hva vi tilbyr

  • Årslønn frå kr 1.228.000 brutto per år
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons- og forsikringsordningar
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch
Vis mindre
Vis hele kortversjonen

Bli med i eit inkluderande politi som jobbar for eit trygt Noreg! Vi ser etter deg som vil gjere ein forskjell.

Om stillinga

Me søker ein erfaren og engasjert leiar til geografisk driftseining Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord (GDE4). Du vil bli ein del av politimeisterens leiargruppe som skal forma korleis Sør-Vest politidistrikt skal jobba i framtida. Me forventar at du bidrar aktivt til heilskapleg drift og utvikling av både politidistriktet og driftseininga du skal leia. Du bidrar til å skapa ein fleksibel organisasjon med ein kultur for å jobba og dela på tvers.

Som leier i politiet må du oppnå resultat både i dagleg drift og under kriser, setta ei klar retning, skapa oppslutning om måla og gjennomføra nødvendige endringar.

Politistasjonsdistriktet har administrasjonsstad i Sauda og dekkjer kommunane Sauda, Suldal, Vindafjord og Etne, med til saman 21 100 innbyggjarar.  Etne og Vindafjord politistasjonsdistrikt har tenesteeining i Ølen i Vindafjord kommune.

Stillinga er plassert i Sauda. 

Sauda og Suldal er ein del av indre Ryfylke, Etne og Vindafjord ein del av indre Haugalandet og kan by på flott natur, jakt og fiske og eit aktivt næringsliv. Det går direktebåt til Stavanger og Bergen, og eit godt busstilbod til Haugesund. Kommunane har eit godt og breit tenestetilbod til innbyggjarane.

Me er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal me førebyggja og få bukt med kriminalitet, skapa tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Me trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil me gjera vårt beste for å gi deg det du treng.

Dette ser me etter hos ein ny medarbeidar

Di evne til å tenka og handla heilskapleg er viktig. På den måten kan du bidra til kontinuerleg utvikling av politiet og til at me utnyttar ressursane betre på tvers av geografiske og funksjonelle einingar.

Me ser etter deg som har leiarerfaring, både med fagleiing og personalansvar. Me set høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og personleg integritet. Me søker etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god representant for politiet gjennom dine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet. Di evne til å være trygg, nærverande, lydhøyr og bygga tillit hos publikum er svært viktig for ein leiar i vår organisasjon. 

Arbeidsoppgåver

  • Sørga for eit godt fungerande leiarteam i driftseininga 
  • Budsjett-, resultat- og personal, og HMS-ansvar
  • Sikra ei balansert polititeneste (førebygging, beredskap og etterforsking), som held høg kvalitet og er basert på kunnskap
  • Kontakt med publikum, samhandling med kommunane og andre lokale aktørar innanfor det geografiske området
  • Utvikla ønska kultur gjennom god leiing, aktivt medarbeidarskap og godt partssamarbeid
  • Legga til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring og sørga for systematiske forbetringar i polititenesta
  • Sørga for god samhandling med andre driftseiningar i eige og andre politidistrikt/særorgan
  • Sørga for effektiv bruk av tilgjengeleg teknologi, som vil letta det daglege arbeidet og støtta opp under gode arbeidsprosessar
  • Bidra aktivt inn i politimeisterens leiargruppe, ved å ta ansvar for ei heilskapleg drift og utvikling av Sør-Vest politidistrikt og følga opp det som er bestemt i eiga driftseining 

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å være kvalifisert:

  • Politiskole/Politihøgskole eller anna relevant utdanning på minimum bachelornivå
  • Minimum 3 års relevant leiarerfaring med personalansvar
  • Leiarutdanning med minimum 30 studiepoeng eller forplikta deg til å gjennomføra slik utdanning innan avtalt tid
  • God forståing for kriminalitetsførebygging, etterretning, operativt politiarbeid, etterforsking og heilskapleg arbeid i straffesakskjeda
  • Kunnskap om helse, miljø og sikkerheit (HMS)
  • Dokumentert gode resultat i tidlegare stillingar
  • Gode språkkunnskapar munnleg og skriftleg i norsk og engelsk

Du må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG. 

Det er og ønskeleg med: 

  • Erfaring frå å leia endrings- og utviklingsprosessar
  • Brei politifagleg erfaring, medrekna førebygging, etterforsking, etterretning og operativt politiarbeid
  • God kunnskap om politiets rolle, oppgåver og organisasjon
  • Innsikt i korleis digitalisering kan bidra til å skapa verdi i arbeidet vårt

Du må ha plettfri vandel og være skikka for teneste for å kunne jobba i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal innhentast og leggast fram før du eventuelt kan starta i jobben. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli innhenta opplysningar om deg frå politiets register.

Personlege eigenskapar

Du kjenner deg igjen i desse eigenskapane:

  • Er resultatorientert og har god avgjerds- og gjennomføringsevne
  • Er ein pådrivar for at heile organisasjonen jobbar systematisk med forbetring og effektivisering
  • Er ein pådrivar for eit godt samarbeid mellom alle funksjonar internt og eksternt
  • Har eit godt heilskapleg blikk og evne til strategisk og langsiktig arbeid

Politiet er ein open og inkluderande etat. Vi skal spegla utviklinga i samfunnet, og ønsker mangfald blant våre leiarar. Vi har ei målsetting om kjønnsbalanse i leiarstillingar og oppmodar kvinner til å søke.

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinene våre og medarbeiderplattform her (https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/).  

Dette kan me tilby om du vel oss

  • Stillinga blir lønna som politiinspektør (stillingskode 0290) med årslønn frå kr 1.228.000 kr brutto per år
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her.  (https://www.spk.no/)

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av til dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten ). 

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylla ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skriva eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggja ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Ferdigheter AI-generert

  • Environment, Health and Safety (EHS)

Om arbeidsgiveren

Sør-Vest politidistrikt har ca. 555 000 innbyggjarar fordelte på 29 kommunar. 23 av kommunane ligg i Rogaland, medan 5 kommunar er i Vestland og 1 i Agder fylke. Politidistriktet strekkjer seg frå Moi og Lund kommune i sør, til Bømlo og Fitjar i nord, og med kommunane Suldal og Sirdal i aust. Sør-Vest politidistrikt er eit mangfaldig distrikt med byar, bygder og tettstader i alle storleikar. Næringslivet er variert. Olje- og gassindustrien står sentralt, saman med jordbruk, fiske, sjøfart og industri av ulike slag. Politidistriktet er prega av svært variert natur, noko som gir gode moglegheiter for rekreasjon, både ved fjord og fjell. Distriktet har eit rikt kulturliv.

Politidistriktet har ca. 1250 tilsette og har i tillegg til dei ordinære politioppgåvene, eit særskilt ansvar for politioppgåver knytte til kontinentalsokkelen og eit spesielt ansvar for behandling av sjøfartssaker. Politimeisteren er i tillegg operativ leiar for Hovudredningssentralen for Sør-Noreg.

Som medarbeidar i politiet er du kjenneteikna som modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.

Hovudmålsetjinga for distriktet er å møta publikums behov for tryggleik, lov og orden.

  • Sted: Kyrkjegata 2, 4200 Sauda
  • Bransje: Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
  • Stillingsfunksjon: Ledelse

Videospiller

Spørsmål om stillingen

GV

Gøril Våland

Konstituert politimeister

KN

Kristin Nord-Varhaug

Konstituert politimeister

Firmaets beliggenhet

Kyrkjegata 2, 4200 Sauda

Kart
Søknadsfrist: 10 dager igjen
Legg til som favoritt
Følg firma

5 449 følger dette firmaet

Hold deg oppdatert på nye og relevante jobbannonser fra dette firmaet. Logg inn for å kunne følge dem.

Ikke nåLogg inn
Bedriftens profilbilde
Politiet logo

Politiet

Ett politi for alle
  • Flere stillinger
  • Les om arbeidsplassen
  • Medarbeiderplattform
  • Hjemmeside
Jobb i politiet

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 481106014
  • Sist endret: 16.11.2026, 10:33
  • Org.nr.: 983998313Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse