
Bildegalleri
Dressurhest søker fôrrytter
Til salgs
250 kr
Beskrivelse av varen
Mankehøyde: 170 cm
Kjønn: Vallak
Fødselsår: 2016
Ettersom det er travelt å kombinere hest, jobb og skule søkjer eg difor ein erfaren og trygg fôrryttar som kan hjelpe til med stell og riding av Amazing nokre dagar i veka. Eg har eigd han i eit halvt år. Saman jobbar vi mot å utvikle oss innan dressur.
Amazing er ein 10 år gammal Dansk Palomino (Varmblod) på rundt 170 cm. På stallen og under riding er han roleg og snill, men på nye stader kan han vere litt uroleg. Amazing blir hovudsakleg brukt som dressurhest. Han kan grunnleggjande dressurøvingar og har gode bevegelsar som er gode å sitje på. Han er glad i kos, og elskar å rulle seg. Amazing er òg veldig matmotivert.
Når det gjeld fôrryttar ser eg etter nokon som er glad i kos og stell og gjerne ein som har lyst til å vere med på å utvikle Amazing vidare innan dressur. I travle periodar, som rundt jul, har eg behov for ekstra hjelp.
Amazing står oppstalla på Orre. På stallen er det ein flott ridehall på 20*60 meter.
Ein dag i stallen inneber oppgåver som møkking, påfyll av vatn og høy inne og ute, riding og kos.
På grunn av avgrensa kollektivtilbod i området er det ein fordel om du har bil eller har moglegheit til å bli køyrd.
Send gjerne ei melding dersom du er interessert eller lurer på noko. Skriv gjerne litt om din erfaring med hest. :)
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 15.11.2026 kl. 09:45 ・ FINN-kode: 480988896
