Bildegalleri

Prøv livet i Luster – prøvebu i mikrohus i Skjolden!

Månedsleie
6 300 kr

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Soverom
1
Leieperiode
12.11.2026
Byggeår
2024

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Umøblert
Balkong/Terrasse
Bredbåndstilknytning
Garasje/P-plass
Turterreng
Utsikt

Har du lyst til å prøve eit nytt liv tett på fjord, fjell og eit levande lokalsamfunn?

Gjennom prøvebu-ordninga får du moglegheit til å bu i Skjolden i opptil tre år. Her kan du bli kjent med bygda, menneska og moglegheitene som finst i Luster – kanskje finn du ut at dette er plassen du vil kalle heime?

Representantar frå Skjolden bygdelag ønskjer deg velkomen og hjelper deg med å bli kjent med lokalmiljøet.


Eit lite hus med stor utsikt

Mikrohuset ligg i Eplehagen mikrohuslandsby i Skjolden, med flott utsikt mot Eidsvatnet. Her har du naturen tett på, samtidig som det er kort veg til butikk, Fjordstova, Skjolden hotell og flotte turmoglegheiter.

Huset er 30 m², bygd i 2024, og har eigen bod på 3 m² og ei romsleg utandørs platting. Det er utstyrt med varmepumpe og internett, og blir leigd ut umøblert.


Kven kan søkje?

Ordninga er for deg som ikkje bur i Skjolden eller Luster kommune i dag, men som ønskjer å prøve å bu og arbeide her.

Du må anten:

  • Ha fast jobb med arbeidsstad i Luster kommune.

  • Ha mellombels tilsetjing på meir enn eitt år i Luster kommune.

  • Ha moglegheit for heimekontor.

  • Vere sjølvstendig næringsdrivande.

Andre kan også søkje. Alle søknader blir vurderte.

Ordninga passar for:

  • 1–2 personar eller 2 vaksne og eitt lite barn.

  • Personar mellom 25 og 55 år.

Personar som er folkeregistrerte i Luster kommune, kan også søkje dersom dei kan dokumentere arbeid eller studiar utanfor kommunen dei siste to åra.


Praktisk informasjon

  • Adresse: Bolstadvegen 19J, 6876 Skjolden

  • Storleik: 30 m² + bod på 3 m²

  • Leigeperiode: Inntil 3 år

  • Leigepris: 6 300 kr per månad dei to første åra. Frå år 3 er ordinær husleige 9 000 kr per månad.

  • Leigeform: Umøblert

  • Oppseiingsfrist: 3 månader


Slik søkjer du

Søknadsfrist: 1. januar 2027

Søknadene blir handsama fortløpande, og det kan bli gjort vedtak før søknadsfristen går ut. Me oppmodar derfor interesserte til å søkje så snart som mogleg.

Send inn søknad her https://dialog.luster.kommune.no/dialogue/LKO-102

Har du spørsmål? Ta kontakt med Lisa Kvålshaugen Bjærum:
E-post: lisa.kvalshaugen.bjerum@luster.kommune.no

Prøvebu er ein del av BuLust-prosjektet til Luster kommune.

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Nærområdet

Annonseinformasjon

FINN-kode480798922
Sist endret12. nov. 2026 09:06

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.