FINNJobbSøkVestlandAskvoll
Askvoll logo
Askvoll
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Statsautorisert rekneskapsførar

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Askvoll
  • Søknadsfrist Snarest
  • Sektor Privat

Kortversjonen

Om denne oppsummeringen

Ansvar for egen kundeportefølje med løpende regnskapsføring, økonomisk rådgivning, årsregnskap, skattemeldinger og offentlig rapportering.

Kvalifikasjoner

  • Statsautorisert regnskapsfører
  • Relevant praksis fra regnskaps- eller økonomibransjen
  • Gode digitale ferdigheter

Hva vi tilbyr

  • Konkurransedyktige lønns- og pensjonsordninger
  • Fleksibilitet og mulighet for faglig utvikling
  • Tilgang til kompetanse, kurs og nettverk gjennom Econ Alliansen
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch
Vis mindre
Vis hele kortversjonen

Vil du vere med og utvikle framtida for næringslivet i Askvoll?

Ønskjer du ein jobb med tett kundekontakt, stor fagleg fridom og høve til å påverke utviklinga av verksemda? Econ Askvoll (Askvoll Rekneskapsteneste AS) søkjer no ein statsautorisert rekneskapsførar som vil vere med på vidare vekst og utvikling.

Vi er eit lokalt forankra rekneskapskontor med kundar innan eit breitt spekter av bransjar. Som ein del av Econ Alliansen, ei av dei mest framtidsretta kjedene i rekneskapsbransjen, har vi tilgang til eit sterkt fagmiljø, moderne verktøy og eit landsdekkande nettverk – samstundes som vi tek vare på den nære kundekontakten og den lokale tilknytinga. For deg betyr det at du får jobbe lokalt, men med verktøya og fagmiljøet som skal til for å levere rådgjeving i toppklasse.

Arbeidsoppgåver

Hjå oss får du ansvar for eigne kundar og blir ein viktig rådgjevar for dei. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • Ansvar for eigen kundeportefølje med løpande rekneskapsføring og økonomisk oppfølging
  • Utarbeiding av årsrekneskap og skattemeldingar
  • Kundeoppfølging og økonomisk rådgjeving
  • Oppfølging av offentlege rapporteringar og fristar
  • Fagleg støtte til kundar og kollegaer
  • Bidra til digitalisering og effektivisering av arbeidsprosessar
Kven ser vi etter?

Krav:

  • Du er statsautorisert rekneskapsførar
  • Du har relevant praksis frå rekneskaps- eller økonomibransjen og kan gå rett inn i produksjon

Vi trur vidare at du:

  • Arbeider strukturert, sjølvstendig og nøyaktig
  • Er serviceinnstilt og trivst med kundekontakt
  • Har gode digitale ferdigheiter og interesse for nye verktøy
  • Ønskjer å bidra til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø

Erfaring med økonomisk rådgjeving er ein fordel.

Kva kan vi tilby?
  • Ein spennande og variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende
  • Eit inkluderande og uformelt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsordningar
  • Fleksibilitet og moglegheit for fagleg utvikling
  • Tilgang til kompetanse, kurs og nettverk gjennom Econ Alliansen
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av både eiga rolle og verksemda
Bli med på laget!

Vil du jobbe i eit lokalt rekneskapskontor med eit sterkt fagmiljø i ryggen og nær kontakt med kundane? Då håpar vi å høyre frå deg. Søknader vert behandla fortløpande, og alle førespurnader vert handsama konfidensielt.

Econ Askvoll – lokal kompetanse, personleg oppfølging og framtidsretta løysingar.

Ferdigheter AI-generert

  • Autorisert regnskapsfører
  • Bokføring
  • Fylle ut skattemeldingsskjemaer
  • Utarbeide årsregnskap

  • Sted: 6980 Askvoll
  • Bransje: Økonomi og regnskap
  • Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Regnskap, Revisjon

Spørsmål om stillingen

SI

Sissel Igland

Dagleg leiar

95 92 66 15Kopier telefonnummer 95 92 66 15

Arbeidssted

Kart
Søknadsfrist: 4 uker igjen
Legg til som favoritt
Følg firma

4 184 følger dette firmaet

Hold deg oppdatert på nye og relevante jobbannonser fra dette firmaet. Logg inn for å kunne følge dem.

Ikke nåLogg inn

Nyttige lenker

Se flere stillinger

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 480744228
  • Sist endret: 11.11.2026, 12:15
  • Org.nr.: 917649278Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse