FINNJobbSøkVestlandAlver
Alver kommune logo
Alver kommune
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Jordmor - Fast stilling 100%

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Isdalstø
  • Søknadsfrist 29.11.2026
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Om denne oppsummeringen

Oppfølging av gravide og barselomsorg, ammeveiledning, kurs for gravide og partnere, samt samarbeid med helsesykepleier og andre tjenester.

Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • Førerkort klasse B
  • Disponere egen bil i tjenesten
  • Relevant jordmorpraksis fra føde-/barselavdeling og svangerskapsomsorg

Hva vi tilbyr

  • Dagarbeidstid på 37,5 timer per uke
  • Offentlig tjenestepensjon gjennom KLP
  • Lønn etter avtale
  • Muligheter for faglig og personlig utvikling
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch
Vis mindre
Vis hele kortversjonen

Vil du bli ein del av jordmortenesta i Alver?

Om stillinga

Vi har ledig stilling som jordmor i Alver kommune frå 1.februar 2027, 
Stillinga har dagarbeidstid 37,5 t/v i full stilling.

Arbeidsoppgåver

Stillinga omfattar:

  • Oppfølging av gravide i gjeldande faglege retningsliner for svangerskap og barselomsorg.
  • Barselsomsorg- oppfølging av mor og barn dei først 5- 7 dagane etter fødsel
  • Ammerettleiing
  • Kurs for gravide og deira partnarar
  • Tett samarbeid med helsesjukepleiar og andre tenester, intern og eksternt

Ønska kompetanse

Relevant jordmorpraksis frå føde- /barselsavdeling og frå svangerskapsomsorg 
 

Vi søker deg som:

  • Er oppteken av god kvalitet i tenesta
  • Arbeider sjølvstendig, men samstundes er ein lagspelar
  • Har fokus på tverrfagleg samarbeid 
  • Er god til å kommunisere, både med kollegaer, brukarar, foreldre/føresette
  • Har evne til planlegging og gjennomføring
  • Er utviklingsorientert
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Kompetansekrav

  • Jordmor med norsk autorisasjon
  • Førarkort kl. B
  • Det er krav om at arbeidstakar disponerer eigen bil i tenesta

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte tilsette, høgt fagleg nivå og tydeleg brukarfokus
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • God offentleg tenestepensjon gjennom KLP
  • Løn etter avtale

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5- 4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Ferdigheter AI-generert

  • Kjøre servicebil
  • Klinisk arbeid som jordmor føde / barsel

Om arbeidsgiveren

Jordmortenesta i Alver kommune er organisert i tenesteområdet Helsestasjon- og jordmortenesta, i sektor Oppvekst. 
Vi har 4,5 årsverk jordmor.

Vi er ei teneste med tydeleg fokus på helsefremjande og førebyggjande arbeid etter gjeldande faglege
retningsliner for svangerskap og barselomsorg.

Tenesta tilbyr svangerskapsomsorg ved tre helsestasjonar i
kommunen, i samarbeid med fastlegetenesta.
 

Tenesta driv også barselomsorg alle kvardagar, med tilbod om heimebesøk til alle nyfødde og deira føresette.
I tillegg tilbyr tenesta fødselsførebuande kurs og ammekurs for gravide og deira partnarar. Vi er opptatt av tverrfagleg samarbeid, og ynskjer å byggje ei teneste med brei kompetanse for å møte brukarane sine heilskaplege behov. 

Vil du vere med å vidareutvikle og skape ei framtidsretta jordmorteneste er dette jobben for deg! 

  • Sted: Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Helsepersonell

Spørsmål om stillingen

KH

Kristine Husebø Vaular

Einigsleiar helsestasjon og jordmortenesta

91 80 91 25Kopier telefonnummer 91 80 91 25

Firmaets beliggenhet

Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø

Kart
Søknadsfrist: 9 dager igjen
Legg til som favoritt
Følg firma

555 følger dette firmaet

Hold deg oppdatert på nye og relevante jobbannonser fra dette firmaet. Logg inn for å kunne følge dem.

Ikke nåLogg inn

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmesideBli kjent med ALVER KOMMUNE

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 480605742
  • Sist endret: 9.11.2026, 12:03
  • Org.nr.: 920290922Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse