Bildegalleri
Radiostyrt IGLAND Compact 3502 LH
Til salgs
123 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Elektrohydraulisk 3,5 tonn vinsj frå legendariske IGLAND. Trekant redskapskobling. Vinsj-gitteret har fått ein del juling hos forrige eigar, men eg bryr eg ikkje om utsjånad, i staden er funksjonalitet viktig for meg.
Eg har brukt denne vinsjen ca 5 timar i året dei siste femten åra. I januar i år fekk han prøvd seg skikkeleg i ei veke i januar under opprydding etter stormen Amy. Både trekk-kraft og bremsar fungerte som som vanleg slik dei skal, og eg er like fornøgd med vinsjen no, som då eg kjøpte han.
Norsk produsert 4 kanals fjernkontroll følgjer med, denne er heilt ny (mindre enn eit år gammal), fungerer heilt fint. I tillegg følgjer det sjølvsagt med manuell kabelkontroll. Snarekjettingar og glidarar (3x på kvar vaier) følgjer med slik som på bildet.
MEN: LYNG trekant traktordelen på bildet følgjer IKKJE med!
Merk at ALLE LH vinsjane krev motstandsfri retur på hydraulikken. Men for meg har det faktisk gått heilt fint med vanleg ISO kupling mot tank. Straum til magnetventilar og fjernstyring frå parkeringslys kurs på tilhengarkontakten til traktoren. Kabel følgjer sjølvsagt med.
Momsfritt privatsalg. Tek i mot bud over 37k
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 12.11.2026 kl. 13:14 ・ FINN-kode: 480327680
