
Bildegalleri
Fjellski Fischer Europa 99 200 cm
Til salgs
400 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Desse skia har vore med på mange eventyr, både på Svalbard og fastlandet. Så klart er det eit par hakk i sålen som seg hør og bør, men overraskande lite etter så mykje bruk. Skraper og avflassing på overside, men kjernen er ikkje eksponert. Ok stålkantar, men så klart har dei og preg av tida. Har bora hôl foran og bak for å kunne lage nødkjelke. Hôla er forsegla med epoxy for å unngå at vatn trenger inn. Rottefella Riva 3 vaierbinding for 75 mm sko. Veldig enkel å flippe av og på skia, samtidig som vaieren gir støtte til heile foten, ikkje berre tåa, slik det er med 75 mm tåbinding. Vaieren er av den korte versjonen, men eg har lagt den over tåstykket på bindingen for å få den til å passe til mine Alfa skisko i størrelse 45. Passar altså både til små og store sko.
Skia er betre til å gå på tur med enn å drive med nedkøyring. Dette er og grunnen til at eg har gått over til ein annan modell fjellski.
Skia passar nok best til skiløpar på omtrent 70-80 kg, eller lettare skiløpar med sekk. Den eine skia er litt mjukare enn den andre, slik at den får litt meir "rocker-taper"-formasjon enn den andre skia. Sjå siste bilde.
Skia leverast ferdig preppa med hard glider i glidsone og basevoks i festesone.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 21.11.2026 kl. 09:52 ・ FINN-kode: 480180601
