Bilskadereparatør / Lakkerar / Sveiser
- Søknadsfrist Snarest
- Mulighet for hjemmekontor Ingen hjemmekontor
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
Varierte oppgåver i skade- og lakkavdeling
Har du fagbrev, erfaring frå bilbransjen eller likar å skape resultat du kan vere stolt av?
Trucknor Firda opplever aukande oppdragsmengde og søkjer derfor nye kollegaer til vår skade- og lakkavdeling i Førde.
Vi reparerer, fikser og lakkerer bussar og lastebilar for kundar over heile regionen. Arbeidskvardagen er variert, og vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har erfaring innan bilskade, lakk, sveis eller mekaniske fag. Har du ikkje relevant fagbrev, men rett innstilling og interesse for faget, oppmodar vi deg likevel om å søkje.
Arbeidsoppgåver
Skadereparasjon av bussar og lastebilar
Oppretting og utskifting av skadde komponentar
Sveising og produksjon av delar
Ruteskift
Lakkering og overflatebehandling
Taksering og dokumentasjon av skadar
Samarbeid med verkstad og kundemottak
Kven ser vi etter?
Vi søkjer deg som:
Er kvalitetsbevisst og løysingsorientert
Har interesse for bil- og transportfaget
Tek ansvar og trivst med sjølvstendig arbeid
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Beherskar norsk munnleg og skriftleg
Ønska kvalifikasjonar
Fagbrev innan bilskade, billakkering, reparatør tunge køyretøy eller tilsvarande fag
Erfaring frå skadeverkstad, mekanisk arbeid, sveising eller lakkering
Førarkort klasse B
Klasse C, CE eller D er ein fordel, men ikkje eit krav
Vi tilbyr
Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
Eit solid selskap med gode framtidsutsikter
Moderne verkstad og godt utstyr
Opplæring, kurs og kompetanseutvikling
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Moglegheit til å ta relevante sertifikat og førarkort etter avtale
Hos Trucknor Firda får du jobbe med store køyretøy, moderne utstyr og dyktige kollegaer i eit selskap som satsar på både folk og fag.
Interessert?
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat. Vi vurderer søknader fortløpande.
Søknadsfrist: Snarast.
Ferdigheter
- Billakkering
- Bilskadereparasjon
- Lakkering
- Lakkering av lastebiler
- Mekaniske oppgaver
- Plate- og sveisefag (AMO)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Trucknor Firda AS er lokalisert i Førde og utfører vedlikehald, reparasjonar og skadereparasjonar på lastebilar, bussar og andre større køyretøy. Vi er ein solid og framtidsretta arbeidsplass.
Selskapet er eigd av Firda Billag og Strømberg Gruppen, noko som gir oss både lokal forankring og tilgang til eit større fagmiljø. Vi legg vekt på høg fagleg kompetanse, korte beslutningsvegar og eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarane får utvikle seg.
Som tilsett hos oss får du tilgang til attraktive personalgode, inkludert moglegheit til å nytte selskapet sine feriehus i både Noreg og Spania.
- Sted: Storehagen 4, 6800 Førde
- Hjemmekontor: Ingen hjemmekontor
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted, Håndverkstjenester
- Stillingsfunksjon: Mekaniker, Sveiser, Taksering
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 480097275
- Sist endret:
- Org.nr.: 998090725Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)