Bildegalleri
Tenortrombone selges: Voigt 142
Til salgs
+ frakt og Trygg betaling
Trygg handel med Fiks ferdig
Etter levering har du 24 timer til å se over varen. Hvis noe er galt med varen, kan du stanse handelen.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Som ny - Ikke synlig brukt
Her er eit så og sei nytt instrument til salgs; ein Jürgen Voigt 142. Denne blei mottatt i august i frå Den Lille Basun og er eit av dei mest vellaga instrumenta eg har hatt i hendene (og eg har hatt mange…).
Trombonenerdene som leser modelltallet, 142, vil nok fort skjønne kva Voigt har prøvd å etterligne/lage sin eigen versjon av med denne: Den populære Bach 42. Og det har dei gjort med bravur! Denne låter og oppleves slik Bacher burde. Sliden er god, ventilen glir godt og bøyler glir slik dei bør, men ikkje alltid gjer på ein Bach
Spesifikasjonsmessig er dette ein trombone med «large bore», ergo 0.547 tommer. Sjallstykket er 8.5 tommer. Alt er veldig standard på den måten. Sliden er vid, slik Bach, Courtois, Edwards og andre er. Leadpipe kan byttes ut, dog har eg kun ein men det kan bestilles eit rikt utvalg i forskjellige lengder og materialer i frå fabrikken via forhandlere. Ventilen er av det smale slaget men er åpen nok og gir ein behagelig motstand i gjennom registeret. Fordelen med små ventiler er at dei er raske og lette. Og når eg først skriver om register; Denne responderer særs godt overalt og har få (om nokon) dårlige toner. Det meste av rør er gulmessing mens stemmebøylen og sjallstykket er meir raudlig. Stemmebøylen er såkalla «reversert» etter mitt ønske, noko som gjer høgden tryggere.
Sjølv om trombonen har eit «amerikansk» preg og har dimensjoner ein har blitt vant med derifrå, har den i tillegg ein del tyske tradisjonspreg, som utsmykking på slidegrepet, stemmebøylestaget og på sammenføyninger. Heilheten er rett og slett vakker.
Med på kjøpet følger ein Marcus Bonna Baby-kasse som er den minste kassen dei tilbyr uten at ein må sage sjallstykket i to. Den er veldig lett og god på ryggen med ei stor utvendig lomme, som er avtagbar om ein ikkje trenger den.
Som nemnt har denne vore i mitt eige rundt 3 måneder og selges kun fordi eg har andre instrumenter eg foretrekker klangen på. Med alt det sagt er dette eit fantatisk instrument som er så og sei nytt.
Kva skiller den i frå ein ny, spør du? Det er berre prisen. Her er muligheten til å kjøpe ein fantastisk trombone i ny stand, men for 10-15000 mindre.
Ettersom denne er så og sei ny, vil den dekket av garanti for fabrikkfeil i langt over fire år til! Eit munnstykke følger med; det som fulgte med, eit Voigt 7. Ønsker du teste andre kan vi sjå om om noko aktuelt finnes i samlinga mi.
Eg vil helst ikkje sende, men om ein spør veldig fint og tar all risiko sjølv kan eg hente ned ein boks i frå loftet og teipe godt. Ellers kan den hentes og prøves på Kolbotn, eventuelt i Oslo etter avtale.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 22.11.2026 kl. 13:03 ・ FINN-kode: 479923557
