Bildegalleri
Vakker høgreist fjordhoppe vurderes satt vekk på fòr/salg
Til salgs
Beskrivelse av varen
Mankehøyde: 147 cm
Kjønn: Hoppe
Fødselsår: 2019
Nordbustad Bella er ei vakker og høgreist fjordhoppe med mykje potensial. Pga. mangel på tid og kapasitet har ho diverre vorte sparsomt brukt. Samvittigheita vurderer det derfor slik at ho bør få komme til nokon som kan gi ho den oppfølginga, bruken og tida ho fortener.
Bella har ein morosam og spennande personlegheit! Ho er ei snill dame, men kan vere litt «dramaqueen» og har ein litt krevjande karakter men som gjer ho sjarmerande for den rette
Ridning: Ho har potensial til å verte ein super ridehest ved jamn og strukturert trening. Per dags dato er ho ikkje i trening pga familieauke.
Bella treng ein fast, trygg og rettferdig rytter. Ho protesterer ein del i ridning og på tur åleine , men dette løsner raskt når ho kjem inn i jamne rutinar, eller har med hestekompis.
Fjell og terreng: Ein fantastisk turkamerat i krevjande terreng! Bella har gått på kløvtur i fjellet kvar sommar, føtar seg bra og er god å regulere.
Køyring: Innkøyrd i 2022, men lite køyrd( sist køyrd hausten 2025).
Kurs: Har vore med på enkelte lokale kurs både køyring og ridning. Delteke på utstilling. Resultat ligg på nett. Ikkje teke køyreprøve pga manglande trening
Tur/Flokk: Bella trivst best i lag med andre hestar. Ho har varierande rang i flokken. På tur åleine kan ho bli stressa, men dette er noko som kjem seg med tolmod, repetisjon og trening.
Hengar: står og går fint på hestehengar. Litt meir uroleg åleine.
Kven leitar vi etter? Bella settest ikkje bort til nybyrjarar. Me er på leit etter ein mild, rettferdig og tydeleg person med god hesteforstand som ønskjer ein hest med spennande personlegheit og potensiale, men som òg er villig til å legge ned tid på trening og oppfølging
Helse:
Fulgt opp med vaksinar
Ormekur
Regelmessig tannsjekk
hovslagar
Pris:
70 000 kan diskuterast ved den rette heimen, vil auke i takt med at trening tek seg opp.
Utstyr: Bella har tilpassa Presitige D2 dressursal som kan fylgje med mot tillegg i pris.
Opne for både sal og bortsetting på fôr til rett person. Det viktigaste for oss er at Bella kjem til ein person som har tid og kan utvikle ho og at ho vert meir brukt enn hjå oss. Me vil bruke til på å finne den rette.
Ved interesse, send ein melding der du fortel om deg sjølv, di erfaring, alder og kva du kan tilby Bella.
Det kan vere aktuelt å bytelåne Bella i ein barnevenleg fyrstegongshest/ponni- skriv i såfall om hesten din.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 28.11.2026 kl. 17:18 ・ FINN-kode: 479901991
