Rådgjevar/seniorrådgjevar
- Søknadsfrist 25.11.2026
- Mulighet for hjemmekontor Delvis hjemmekontor
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Rådgjevar/kontraktsforvaltar
Vil du bidra til å betre kvaliteten på Skyss sine mobilitetstenester? Skyss jobbar aktivt med å tilby alle innbyggarar i Vestland eit godt og berekraftig tilbod med buss, bybane, båt og ferje. Transporttenestene vert utført av trafikkselskap som Skyss har kontraktar med.
Vi har no ledig ei fast stilling som rådgjevar/kontraktsforvaltar. Kontraktsforvaltaren vil inngå i teamet vårt som jobbar med å følge opp Skyss sine mobilitetskontraktar. Arbeidsstad for stillinga er Bergen. Ein må pårekne noko reiseverksemd internt i fylke.
Arbeidsoppgåver
Som kontraktsforvaltar får du ansvar for å følge opp ein portefølje av mobilitetskontraktar, i tett dialog med operatørselskapa. Du vil bidra i anskaffingsprosessar og i implementering av nye kontraktar, og i å sikre at kvalitets- og miljøkrav vert følgt opp gjennom gode kontraktmekanismar. Arbeidet ditt bidrar til leverandørutvikling og til ein sunn leverandørmarknad, og du blir med på å byggje ei solid plattform for strategisk samarbeid med operatørane.
Kontraktsoppfølging vert i aukande grad digitalisert og datadriven. Du vil bruke og vidareutvikle gode rapporterings- og digitaliseringsverktøy for å sikre at vi følgjer opp leveransane på ein kunnskapsbasert måte. For å kunne utøve rolla godt, er det sentralt å ha god forståing for dei geografiske forholda i Vestland og korleis desse påverkar mobilitetstilbodet. Rolla som kontraktsforvaltar krev fleksibilitet og evne til å støtte organisasjonen der behova oppstår.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har høgare utdanning på masternivå, til dømes innan økonomi eller juss. Relevant erfaring kan kompensere for manglande mastergrad. Stillingstittelen vert då justert i tråd med kvalifikasjonane.
Du må også ha sterke formidlingsevner, munnleg og skriftleg, og evne til å bygge gode og langsiktige relasjonar internt og eksternt.
I tillegg er ein fordel om du kan vise til:
Erfaring frå kontraktsarbeid og oppfølging av leverandørar
God forståing for, eller sterk interesse for, digitalisering og rapportbygging
Som person vil vi at du
har evne til å omsette strategiske mål i konkrete resultat, både sjølvstendig og i samarbeid med andre
er open, fleksibel og engasjert, og aktivt deler og utviklar kunnskapen din saman med andre
har evne til å møte krevjande situasjonar med pågangsmot, og at du kan stå stødig i hektiske periodar.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Hos oss i Skyss er vi mange som jobbar for å utvikle gode kvardagsreiser for alle som bur og reiser i Vestland!
Vi tilbyr:
Ei fagleg utfordrande stilling med stor samfunnspåverknad
Eit engasjert og hyggeleg arbeidsmiljø med brei og variert fagbakgrunn
Moglegheit til å bygge nettverk og utvikle seg fagleg
Fleksibel arbeidstidsordning og høve til delvis heimekontor etter avtale
Løn etter avtale
Andre opplysningar:
Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder
Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort, sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Ferdigheter AI-generert
- Anskaffelser
- Handelsutdanning
- Leverandøradministrering
- Lokalgeografi
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 6 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Rådgivning
Spørsmål om stillingen
Ørjan Kvandal
konst.gruppeleiar Operatør og drift
Kjetil Kristiansen
konst.leiar avdeling Operasjon
Firmaets beliggenhet
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 479878660
- Sist endret:
- Org.nr.: 992051825Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)


