
Bildegalleri
Restaurert, unikt vintage flisebord/teakbord mid century
Til salgs
4 000 kr
Frakt med Delivr

Delivr kan hente og levere denne varen for deg
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Dybde: 67 cm
Høyde: 55 cm
Bredde: 169 cm
Eg sel eit eineståande vintage flisebord som blir midtpunktet i rommet!
Bordet er solid og tungt. Treverk på bordplate og underplate består av teak, medan resten av understellet består av bøk e.l treslag.
Bordet har nyleg fått nye keramikkfliser som er nedfelte i bordplata. Vidare har bordplata blitt pussa og olja med Liberon finishing oil for å hente fram gløden.
Der er nokre bruksmerker, og eit større hakk har blitt reparert med voks etter beste evne (sjå bilete), men det har lite og seie for heilskapen.
Med fliser treng ein ikkje å vere redd for søl, så det er godt egna for småbornsfamilier - og mtp. at det er tungt og ikkje vil velte når dei små støttar seg til bordet i lære-å-gå-fase. Gløym duk og coaster og la vin, kaffi og barnemat flyte!
Salongbord laga rundt 1960-70-talet var høgare enn det som er i trendbiletet i dag - som er veldig låge. Flisebordet er eit blikkfang, og det vil truleg særleg kome til sin rett i sosiale rom i ei gruppe med møblar, framfor på tv-rommet (men det funkar godt der òg😉).
Om det ønskast fleire bileter kan eg bistå med det. Kom gjerne og sjå på bordet😊
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 7.11.2026 kl. 13:39 ・ FINN-kode: 479764996
