FINNJobbSøkRogalandHaugesund
Helse Fonna HF logo
Helse Fonna HF
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Audiograf

Fast stilling ∙ Heltid ∙ Haugesund
  • Søknadsfrist 23.11.2026
  • Arbeidsspråk Norsk
  • Sektor Offentlig

Kortversjonen

Om denne oppsummeringen

Utføre audiometri, tilpasse høreapparater, utføre tinnitusutredning og hørselsscreening av nyfødte, samt gi veiledning innen hørselsomsorg.

Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon som audiograf (eller audiografstudent ferdig i 2027)
  • Gode norskkunnskaper, både skriftlig og muntlig

Hva vi tilbyr

  • Et fagmiljø med seks audiografer som deler erfaringer
  • Moderne teknologi og medisinteknisk utstyr
  • Mulighet til å delta i innovasjons- og forskningsprosjekter
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch
Vis mindre
Vis hele kortversjonen

Små lydar. Store augeblikk. Vil du bli vår nye audiograf?

Frå dei aller første lydane i livet til samtalane rundt middagsbordet – god høyrsel betyr mykje i kvardagen. På høyresentralen vår i Haugesund får du vere med og hjelpe både barn og vaksne til å høyre betre.

Hos oss blir du ein del av eit erfarent team med seks audiografar som jobbar med audiologisk utgreiing og rehabilitering. Vi har trivelege lokale og ein moderne høyresentral med oppdatert teknologi og medisinteknisk utstyr. Og vi er nysgjerrige på korleis vi kan bli endå betre! Avdelinga deltek i fleire innovasjons- og forskingsprosjekt innan høyrselsomsorg.

Men det er ikkje berre faget vi er opptekne av. Her møter du dyktige og rause kollegaer som deler kunnskap, hjelper kvarandre og har det kjekt saman.

Er du nyutdanna? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Vi oppmodar også deg som har tilknyting til Stord eller Ullensvang om å søke.

👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer!


Kva går jobben ut på?

Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere å:

  • utføre audiometri og spesialprøvar
  • tilpasse høyreapparat og høyrselstekniske hjelpemiddel
  • gjennomføre kontroll og service av høyreapparat
  • utføre tinnitusutgreiing
  • gjennomføre høyrselsscreening av nyfødde
  • gi rettleiing og oppfølging innan høyrselsomsorg

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Vi ser etter deg som har:

  • norsk autorisasjon som audiograf
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Er du audiografstudent og ferdig med utdanninga i 2027? Då oppmodar vi deg òg til å søke!

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ønskjer oss ein kollega som:

  • møter pasientane med omsorg og ser mennesket bak høyrselsutfordringane
  • lyttar, forklarer på ein forståeleg måte og skaper tryggleik hos pasientane.
  • ser løysingar og tek tak når noko må gjerast
  • tek ansvar for eigne oppgåver og får ting gjort
  • likar å jobbe saman med andre og stiller opp for kollegaene sine

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • eit fagmiljø med seks audiografar som deler erfaringar og lærer av kvarandre
  • moderne teknologi og medisinteknisk utstyr
  • høve til å vere del av eit fagmiljø som arbeider med innovasjon og forsking innan høyrselsomsorg
  • tett samarbeid med andre faggrupper

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter AI-generert

  • Audiograf
  • Audiometri
  • Høreapparater
  • Hørselstest
  • Norsk

Om arbeidsgiveren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

  • Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Audiograf

Spørsmål om stillingen

KW

Kenneth Wilfried Kross

Avdelingsleiar

Firmaets beliggenhet

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Kart
Søknadsfrist: 2 dager igjen
Legg til som favoritt
Følg firma

302 følger dette firmaet

Hold deg oppdatert på nye og relevante jobbannonser fra dette firmaet. Logg inn for å kunne følge dem.

Ikke nåLogg inn

Nyttige lenker

Se flere stillingerBli kjent med Helse Fonna HF

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 479631617
  • Sist endret: 26.10.2026, 14:28
  • Org.nr.: 983974694Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse