Bildegalleri
Cybex Talos S Lux inkl regntrekk
Til salgs
4 200 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Merke: CYBEX
God terrengvogn seljast med tungt hjarte då ho vart litt for stor for vårt bruksområde som reisetrille, og me har Thule Urban Glide 3 som hovudvogn.
Vogna vart kjøpt ny som vogn nummer to på jollyroom vår 2026. Ho er lite og pent brukt, framstår nesten som ny, med unntak av nokre merker vogna har fått under transport(sjå bilete). Ingenting å sei for bruk. Alt funkar som det skal på vogna. Dette er den oppgraderte 2025-modellen med forbetra, vassavvisande tekstilar og integrerte skvettskjermar på bakhjula.
Robust vogn som taklar både urbane vegar, grusvegar og skogsstiar i all slags vêr. Vogna vart kåra til «Best i test» av Tek.no i 2026. Ei "alt i eitt vogn".
Vogna har store, punkteringsfrie terrenghjul og eit fjæringssystem som gjer trilleturen mjuk og behageleg for både bornet og den som trillar. Sittedelen er romsleg, lun og vendbar, slik at du kan velje om barnet skal sjå mot deg eller framover. Ho kan enkelt leggjast heilt flatt med eitt grep til ei ergonomisk liggestilling. Fottrekket er og svært praktisk og gjer at ein ikkje er avhengig av vognpose.
Sidan vi kjøpte vogna primært for å ha med på byturar og bilturar innanlands og bagasjerommet vårt er litt lite til både hundebur og vogn, ser vi at vi heller må over på ei litt mindre vogn. Difor sel vi denne lite brukte vogna vidare til nokon som treng ei super allroundvogn.
Høgdepunkt ved modellen:
• Almond Beige: Ein kjempefin, tidlaus og nøytral farge.
• Terrenghjul i toppklasse: Store offroad-hjul som rullar mjukt på ujamt underlag.
• XXL solkalesje: Super solskjerming med UPF50+ og nettingvindauge for god lufting.
• One-pull sele: Genialt og sikkert selesystem som du strammar superkjapt med éi hand.
• Vêrbeskyttelse: Det følgjer med eit lunt og godt fottrekk (vindvegg) som skjermar effektivt på kalde og vindfulle dagar.
• Enkel samanslåing: Vogna blir ståande av seg sjølv når ho er slått saman.
Tilstand og vedlikehald:
Vogna har vore lagra innandørs i røykfri heim. Ho har ingen solbleiking, få bruksmerker og ingen funksjonelle feil – framstår i praksis som ny. Vogna er nyvaska og klar for levering.
Fottrekket og regntrekk medfylger!
Praktisk informasjon og levering:
Nypris i butikk er rundt 7 000 kr for vogn og ca 600,- for regntrekk.
Seljast for 4500,- inkl originalt regntrekk.
Vogna må hentast i Vest-Telemark. Eg kan eventuelt vere hjelpsam med å levere innanfor Telemark/Agder etter nærare avtale.
Ta gjerne kontakt via FINN-melding for ein hyggeleg vognprat eller om du ønskjer fleire bilete!
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 18.11.2026 kl. 18:52 ・ FINN-kode: 479209416
