Ledig fastlegeheimel på nyoppretta fastlegekontor
- Søknadsfrist 10.11.2026
- Sektor Offentlig
Fastlege næringsdrivande i nyoppretta solopraksis
Om arbeidsstaden
Austevoll kommune har vedteke å opprette eit nytt legekontor for næringsdrivande i solopraksis i Bekkjarvik sør i kommunen. Det var tidlegare eit kommunalt legekontor på staden fram til 2017.
Fastlegeheimelen skal opprettast som ein 0-heimel.
Legekontoret skal opprettast i lokale ved Bekkjarvik torg. Utleigar har lokale og utstyr som kan brukast. Leigeavtale, bustad og utstyr må avtalast mellom den næringsdrivande legen og utleigar. Kommunen har ikkje ansvar for eventuelle tilsette ved legekontoret.
Krav til ny fastlegeheimel
Grunnlaget for heimelen ligg i hovudsak i fastlegeforskrifta og rammeavtale ASA 4310. Kommunen legg også vekt på fastlegeordninga sitt prinsipp om personleg listeansvar.
- Dette er ein 0-heimel med liste på inntil 1000 pasientar. Lågare liste kan avtalast.
- Kommunen er open for å vurdere ulike organisasjonsformer ved legekontoret, til dømes fellesliste og/eller rotasjonsordning (Nordsjøturnus). Legane som eventuelt deler heimelen, vil saman vere ansvarlege for å legge til rette for ei god drift av kontoret i samsvar med fastlegeforskrifta. Kvar enkelt lege vil bli vurdert og inngå avtale med kommunen. ALIS kan vere ein del av løysinga.
- Fastlegen/e vil ha pliktig deltaking i daglegevakt, og i kommunal legevakt utanom arbeidstid. P.t. er dette 7-delt legevakt som næringsdrivande etter vaktklasse 1.
- Heimelen må kunne bidra i andre offentlege oppgåver i tråd med fastlegeforskrifta. Storleik og omfang kan avtalast.
- Fastlegen må oppgi styrings- og kvalitetsdata til kommunen, jamfør fastlegeforskrifta §19.
- Heimelen skal følge krav til opningstid og tilgjengelegheit. Fastlegen skal regulere avtalt opningstid, for å sikre sine pliktar knytt til tilgjenge for pasientar på lista og handtering av øyeblikkeleg hjelp.
- Fastlegeordninga bygger på prinsippet om eit individuelt og personleg ansvar for eigne pasientar. Ved fråvær, i hovudsak knytt til sjukdom, fødsel og nødvendige aktivitetar for å oppnå eller halde ved lag spesialistgodkjenning, har fastlegen rett til å sette inn vikar.
- Heimelen skal bidra i kommunen sine samarbeidsorgan.
Kvalifikasjonskrav til søkar
Formelle kvalifikasjonskrav
- Norsk autorisasjon som lege med minimum fullført LIS1
- Som hovudregel skal legen/legene ha gyldig spesialitet i allmennmedisin
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Plettfri vandel, framvising av politiattest ved tilsetting. Det blir undersøkt om autorisasjonsstatus og tilsynssaker.
- Oppgi referansar i søknaden
Personlege eigenskapar
Vi søker ein triveleg, engasjert og fagleg trygg lege med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du har eit tydeleg engasjement for allmennmedisin og for pasientane, og arbeider løysingsorientert og pliktoppfyllande i møte med både små og store utfordringar. Interesse for legevakt og akuttmedisin vil òg vektleggast.
Vi ser etter deg som har ei langsiktig motivasjon for å vere med på å utvikle eit godt og velfungerande fastlegetilbod i Bekkjarvik. Det er viktig at du har eit heilskapleg syn på fastlegetenesta si rolle i primærhelsetenesta, og at du verdset tverrfagleg samarbeid med dei kommunale helse- og omsorgstenestene.
Vi tilbyr
Avtale som næringsdrivande lege som følger vilkåra i ASA 4310, i en triveleg kommune. Heimelshavar har sjølv ansvar for å sørge for kollegial fråværsdekning. Sidan heimelen er ei 0-liste er den kostnadsfri å erverve. Den vil ikkje kunne seljast vidare.
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål.
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Ferdigheter AI-generert
- Akuttmedisin
- Legetjeneste
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er ein av dei største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5575 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2026 og du kan lese meir om ordninga på Lånekassen si heimeside.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Vi ønsker ikkje førespurnader frå vikarbyrå, ver vennleg og respekter dette.
- Sted: Bekkjarvik, 5397 Bekkjarvik
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Lege
Spørsmål om stillingen
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 479134379
- Sist endret:
- Org.nr.: 941139787Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

