Bildegalleri
Mapex Saturn Evolution shellpack
Til salgs
16 999 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Selger eit Mapex Saturn Evolution i Tuscan Yellow. Treverk er bjørk og valnøtt. Fantastiske trommer - heilt enkelt! Eg har alt for mange trommesett og derfor må dette gå.
Storleikar er:
22" basstromme
10" hengetam
12" hengetam
14" gulvtam
16" gulvtam
Resonantskinna på alle tammane er heilt nye, slagskinna på 10", 12" og 22 " er heilt nye. Slagskinna på 14" og 16" er brukt berre på ei øving. Resonantskinnet på 22" er godt brukt.
Settet er i god stand og pent brukt. Bærekantane er fine og smoothe, stemmeskruvane er nysmurte og trommene har elles fått seg ein rens og det ser pent ut. Settet har blitt brukt på ein del spelejobbar og har av di nokre små, estetiske "sår" i lakken. Dei er veldig små og har ikkje noko utslag på resonans og lyd.
Det følger med føt til gulvtammane og oppheng til hengetammane.
Fun fact: Dette trommesettet har tidlegare tilhøyrt Simen Sandnes, m.a. kjend frå TEMIC og Evergrey m.fl..
Trommesettet har ein nypris i dag på 32 990,- I tillegg gjev trommeskinna eg har sett på trommene ekstra verdi i seg sjølv.
Eg ynskjer helst at trommesettet blir henta. Kan sende mot at kjøpar betalar både frakt og emballasje. Eg bur i Nord-Gudbrandsdalen og kan hjelpe til med å ev. køyre trommesettet nokre mil i omegn. Dette gjer vi i så fall nærare avtale om.
Eg er ikkje interessert i innbyte. Førehandsbetaling, ev. betaling ved (fysisk) overlevering.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 20.10.2026 kl. 19:33 ・ FINN-kode: 479097630

