Rektor
- Søknadsfrist 15.11.2026
- Mulighet for hjemmekontor Ingen hjemmekontor
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
Ytre kunstfagskole søker ny rektor
Vår rektor ønsker å vie seg til kunstnarisk arbeid på heiltid. Vi søker derfor ein ny rektor som vil leie og vidareutvikle Ytre kunstfagskole i ei særleg spennande tid.
Ytre fekk våren 2026 akkreditering for fagområdet visuell kunst. Dette gir skolen fullmakt til å utvikle nye utdanningar og vidareutvikle eksisterande tilbod. Vi søker no ein kunstfagleg, engasjert leiar som arbeider strategisk og vil vere med og forme neste kapittel i skolens historie.
Om Ytre kunstfagskole
Ytre kunstfagskole i Ålesund er ein nasjonal kunstfagskole med studentar frå heile landet. Skolen er ein viktig arbeidsplass og møteplass for profesjonelle, yrkesaktive kunstnarar i regionen.
Ytre tilbyr i dag to fulltidsutdanningar:
Visuell kunst – 2-årig grunnutdanning
Yrkesstudium visuell kunst – årsstudium for kunstnarar i etableringsfasen
Skolen har utvikla ein strategi for fagområdet visuell kunst på Nordvestlandet og har dei siste åra vore i sterk utvikling. Gjennom den eigenutvikla «Ytre-modellen» arbeider skolen målretta for å styrke samanhengen mellom utdanning og profesjonelt kunstnarskap.
Arbeidsoppgåver og ansvar
Som rektor har du det overordna faglege, pedagogiske og administrative ansvaret for Ytre kunstfagskole. Du rapporterer til styret, som er skolens øvste organ.
Rektor har ansvar for:
fagleg og pedagogisk leiing av skolen
strategisk utvikling av verksemda
vidareutvikling av kunstfagleg profil og pedagogisk plattform i samarbeid med fagstaben
utvikling av nye utdanningar innan rammene av fagområdeakkrediteringa
økonomistyring og administrativ leiing
personalleiing og organisasjonsutvikling
omdømmebygging og ekstern representasjon
vidareutvikling av nasjonale og internasjonale samarbeid
Ei sentral oppgåve vil vere å vidareutvikle Ytre som ein yrkesnær kunstfagskole i tett samarbeid med lærarar, studentar og kunstfeltet. Skolen skal ha ein tydeleg nasjonal posisjon med eit særleg fokus på det rurale perspektivet i kunstnariske praksisar.
Kven ser vi etter?
Vi ønsker oss ein rektor som vil føre vidare det målretta arbeidet med fagleg profil og utvikling, og som kombinerer kunstfagleg kompetanse med interesse for strategisk og organisatorisk arbeid.
Vi legg særleg vekt på:
kunstfagleg kompetanse og kjennskap til feltet
leiarerfaring
erfaring med økonomistyring og drift
erfaring med personalleiing
erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid
kjennskap til høgare utdanning eller fagskolesektoren
godt nettverk og kunnskap om kunstfeltet
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli tillagt vekt.
Vi tilbyr
ei sentral leiarstilling ved ein kunstfagskole i utvikling
høve til å påverke utviklinga av framtidas kunstutdanningar
eit sterkt og engasjert fagmiljø
ein velfungerande organisasjon med sterk forankring i kunstmiljøet i regionen
konkurransedyktige vilkår og ordna arbeidsforhold
Praktisk informasjon
Fast stilling i 100 %
Arbeidsstad: Ålesund
Oppstart etter avtale
Rektor må bu i regionen
Løn etter avtale med styret
Oppseiingstid: 3 månader
Spørsmål om stillinga
Trine Røssevold, rektor
trine@ytrekunst.no
412 01 551
Simon Wågsholm, koordinator
simon@ytrekunst.no
918 62 466
Søknad
Søknad med CV sendast til post@ytrekunst.no innan 15. november 2026.
Referansar og attestar blir etterspurde i samband med intervju.
Ferdigheter
- Administrativ ledelse
- Bransjekunnskap (kunst, kultur og media)
- Økonomistyring
- Organisasjonsutvikling
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Kunstfagskolen vart etablert i 1989 og tilbyr no to utdanningar innan fagområdet visuell kunst, på nivået høgare yrkesfagleg utdanning (HYU).
Skolen er eigd av Stiftelsen Ytre kunstfagskole og har øyremerka driftstilskot frå KD.
Ytre kunstfagskole har studentar frå heile landet og er ein viktig arbeidsplass for mange profesjonelle, yrkesaktive kunstnarar i regionen.
Skolen har utvikla ein strategi for fagområdet visuell kunst på Nordvestlandet, fekk våren 2026 fagområdeakkreditering, og har dei siste åra vore i sterk utvikling.
Ytre kunstfagskole er den einaste kunstfagskolen nord for Bergen, og har 8 fast tilsette. 6 av disse er lærarar i deltidsstillingar i kombinasjon med at dei er yrkesaktive kunstnarar.
I tillegg brukar vi gjestelærarar frå heile landet.
- Sted: Hellegata 12, 6004 Ålesund
- Hjemmekontor: Ingen hjemmekontor
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Ideelle organisasjoner, Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Rektor / Ass. Rektor, Utøvende kunst
Videospiller
Nøkkelord
rektor, kunstfagskole, visuell kunst, kunstfaglig kompetanse, faglig ansvar
Spørsmål om stillingen
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 479090882
- Sist endret:
- Org.nr.: 988634972Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

