Traineevernepleiar. 100% faste stillingar for nyutdanna vernepleiarar
- Søknadsfrist 08.11.2026
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
- Antall stillinger 10 stillinger
Traineevernepleiar. 100% faste stillingar for nyutdanna vernepleiarar
Start karriera di på Haukeland universitetssjukehus – bli trainee!
Haukeland universitetssjukehus har gleda av å lyse ut nye stillingar til traineeprogrammet for vernepleiarar med oppstart 14. juni 2027.
Fast stilling - to år med nye moglegheiter.
Er du nyleg utdanna vernepleiar og nysgjerrig på kor vernepleiarfaget kan ta deg? Hos oss får du moglegheita til å utforske ulike fagområde, møte ulike pasientgrupper og finne ut kva du verkeleg brenn for.
Som traineevernepleiar ved Haukeland universitetssjukehus får du ein unik moglegheit til å bygge brei kompetanse og utvikle deg fagleg – samtidig som du har tryggleiken i ein 100% fast stilling.
Tenk deg moglegheita!
- Kva om du kunne prøve deg på fleire fagområde før du bestemmer deg for kva for retning du vil gå?
- Gjennom traineeprogrammet får du moglegheit til å jobbe ved ulike postar og avdelingar i Helse Bergen. Du kan utforske fagområde innan psykisk helsevern og rusmedisin
Du treng ikkje å ha bestemt deg for framtida. Du får moglegheita til å utforske den.
Traineeprogrammet går over to år. Du får 3 periodar på 8 månader på ulike einingar, noko som vil gi deg verdifull erfaring.
Hos oss får du:
- 100% fast stilling
- Bli kjend med ulike fagområde og pasientgrupper
- Få erfaring som kan opne dører vidare i karrieren
- Delta på fagdagar, med grupperettleiing
Traineeprogrammet er for deg som ønsker ein spennande start på yrkeslivet, som er open for å lære og som vil utforske breidda i vernepleiarfaget. Du blir ein del av eit stort fagmiljø med mange moglegheiter for vidare utvikling. Saman finn vi ut korleis du kan bruke interessane dine, erfaringane dine og kompetansen din vidare.
Er du klar for å utforske moglegheitane?
Ein må kunne jobbe samanhengande minst 6 veker i perioden vekene 24-32.
I søknaden må du legge ved karakterutskrift frå vernepleiarutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller løna arbeid. Den som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Ønsker du å vite meir om Traineeordninga? Har du spørsmål eller lurer på noko? Ta kontakt med Karina Vorland Løvstad.
Arbeidsoppgåver
- Du vil inngå i den daglege drifta på avdelinga der du er i traineeperioden
Kvalifikasjonar
- Du er ferdig utdanna som vernepleiar i løpet av vinteren 2026 eller våren 2027. Du har eller vil få norsk autorisasjon etter endt utdanning
- Du er fagleg sterk
- Arbeidserfaring som til dømes sommarjobb eller helgestilling i helsesektoren er ein fordel men ikkje eit krav
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du er eigna for denne type jobb og har personlege eigenskapar som;
- vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og omstende
- lærevillig og fagleg nysgjerrig
- strukturert og tar ansvar for at oppgåver blir gjort
- kommuniserer klart og tydeleg og kan tilpasse og formidle informasjon på ein forståeleg måte
- sjølvstendig - samstundes kan du samarbeide godt med andre
- møter pasientar og pårørande profesjonelt, empatisk og med respekt
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit fagleg og sosialt fellesskap med dei andre i traineegruppa
- MAP-kurs
- Fellesopplæring ved oppstart
- Fagdagar i traineeperioden
- Rettleiing i grupper
- Kick-start på karriera di som vernepleiar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ferdigheter AI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Psykologiske helsetjenester
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Antall stillinger: 10
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
trainee, traineevernepleier, traineevernepleiar, vernepleier, vernepleiar
Spørsmål om stillingen
Firmaets beliggenhet
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 479078499
- Sist endret:
- Org.nr.: 974557746Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)




