Bildegalleri
Søker avlastning/turvenn til vår samojed
Til salgs
1 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 4 år eller eldre
Me søkjer avlasting til vår kjære og trofaste turven, Storm. Då livssituasjonen vår har endra seg sidan me fekk han for 8 år sidan, ser me at han har behov for å vere saman med nokon som har litt betre tid i kvardagen enn det me har. I første omgang ser me etter nokon som har lyst å dele Storm med oss. Det vil seie nokon som kan gi han det han treng av aktivitet i kvardagen (ein turvenn til dømes) og som kan ha han hos seg i kortare eller lengre periodar. Alle utgifter blir i dette tilfellet dekka av oss. Skulle likevel den rette personen eller familien bu på ein annan kant av landet, kan omplassering vere aktuelt også. Det viktigaste for oss er at Storm får det han treng av oppmerksomhet, aktivitet, glede og kos.
Han er ein ivrig og glad 8 år gamal samojed. Han har eit godt lynne, og er ein venleg hund. Han er vant til små barn og er ekstremt glad i menneske. Hadde han fått bestemme hadde han stoppa hos kvar person me møter på tur. Han sprer mykje glede rundt seg ☺️ Han er vant til å vere åleine heime medan me er på jobb.
Som mange andre hannhundar, kan han reagere på andre hundar. Han kan også dra i bandet når stressnivået går opp. Det vil derfor vere behov for å trene kontinuerleg på passering og ro.
Helsemessig så har han diverre utvikla periodontitt. Dette medfører at han truleg blir meir eller mindre tannlaus. Han kan likevel leve eit aktivt og godt liv til tross for dette! Ut over dette er han ein frisk og fin hund. Me har brukt han lite til trekk på ski, så dette er i så tilfelle noko som må øvast inn. Han føretrekk aller helst å gå lange turar i naturen, sjølv om han også er med på løpeturar.
Me held til i Asker. Som nevnt kan omplassering vere aktuelt dersom riktig person eller familie dukkar opp ❤️
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 18.10.2026 kl. 16:38 ・ FINN-kode: 479025441


