Bildegalleri
Mamiya 7II + 80mm f/4L
Til salgs
36 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Type: Analog
Vurderar å selga mitt Mamiya 7II med 80mm F/4L objektivet, då det rett og slett ikkje blir brukt så mykje som det fortenar.
Det har synlege merker etter bruk, men fungerar slik som det skal etter mi vurdering. Lukkertidene opplevast korrekte og det er ikkje noko mugg/fukt på objektivet eller kamera. Bruksmerkene på sjølve kameraet er kosmetiske, og har ikkje noko innverknad på korleis det fungerar.
Det mest synlege merka er på baksida av kamerahuset, der det ser mest ut som den svarte "malinga" er skrapt av på nokon metallparti. Dette gjeld metallpartia på plata som opnar seg når ein ladar film samt spaken for å spola fram filmen.
På framsida av kameraet så er det òg synleg slitasje rett ovanfor søkaren. Har ingen innverknad på funksjon, men ser slitt ut.
Nylig skutt ein rull film og ingen antydningar til lyslekkasjar eller liknande. Fokuseringa i søkaren funkar som den skal, men dei kamera her har rykte på seg for at akkurat den kan detta ut innimellom. Det var visst på service før forrige selgar kjøpte den, og blei lite brukt både hos meg og forrige kjøpar. Selgast likevel “som det er”, sidan dette er eit eldre kamera og kan vera ømfintleg.
Objektivet har bøyd filterring, så du vil ikkje kunne montera filter på objektivet. Ellers funkar det som det skal og er i god kosmetisk stand. Er ikkje i bruk per no. Det du ser på bilda er det som følger med.
Kan sjåast i Oslo.
Sendast kun mot forhåndsbetaling og med Posten sin Ekspress over Natt grunna forsikringsverdi.
Open for bod ved rask handel, men skambod blir ikkje besvart.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 14.10.2026 kl. 23:48 ・ FINN-kode: 478686946


