Ventilasjonsmontør
- Søknadsfrist Snarest
- Mulighet for hjemmekontor Ingen hjemmekontor
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Privat
Ventilasjonsmontør– ventilasjonsanlegg/HVAC | Sunnhordland
Vil du vere med å bygge montasjemiljøet i Sunnhordland?
Rett person får nøkkelansvar for vidare utvikling av montasjeverksemd i konsernet – og høve til å vere med på eigarsida.
Westvent AS ser etter montørar med røynsle frå montering av ventilasjonsanlegg og kanalnett. Me treng ein som kan ta sjølvstendig ansvar for mindre prosjekt, og som trivst som utøvande BAS på større – men me er like interesserte om du er ein dyktig montør som vil gjere godt handverk i eit godt lag.
Du kjem til å montere kanalnettverk, aggregat, spjeld, ventilar og tilhøyrande utstyr – og sørgje for at anlegget er klart til igangkøyring. På prosjekt der du er leiar koordinerer du eige arbeid og underentreprenørar, følgjer framdriftsplan og syter for at monteringa er i samsvar med teikningar og krav.
Du jobbar tett med ingeniørar i søsterselskapet som prosjekterer anlegga, og med serviceteknikkarar som tek over etter deg. I ryggen har du støtte frå eit stort etablert montasjeselskap i Bergen. Du slepp å stå åleine – men du må like å eige arbeidet ditt.
Kva me ser etter:
Relevant fagbrev er ynskjeleg – men dokumentert røynsle frå HVAC-montasje tel like mykje.
Erfaring med å lese og følgje ventilasjonsteikningar.
Blikkenslagerarbeid.
Vand med å arbeide strukturert og levere ferdig til avtalt tid
Førarkort klasse B
Noko reiseverksemd ut av Sunnhordland må påreknast.
Kontorplass på Stord eller Husnes.
Send ein enkel cv – så tek me ein prat.
Ferdigheter
- Installasjon av beslag og ventilasjonskanaler
- Koordinere og følge opp underentreprenører og leverandører
- Montere teknisk utstyr
- Rørlegger- og ventilasjonsarbeid
- Ventilasjonsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sted: Sæ 14, 5417 Stord
- Hjemmekontor: Ingen hjemmekontor
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, VVS
- Stillingsfunksjon: Blikkenslager/tak, Håndverker, Ventilasjonstekniker
Nøkkelord
montasjeleiar, ventilasjonsanlegg, montørar, hvac, stord
Spørsmål om stillingen
Jan Ivar Westvik
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 478673823
- Sist endret:
- Org.nr.: 935146011Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
