Undervisningsstilling - matematikk, naturfag og fysikk (vikariat)
- Søknadsfrist 26.10.2026
- Sektor Offentlig
- Antall stillinger 3 stillinger
Undervisningsstilling i vidaregåande skule – bidra til fagleg utvikling og elevane si framtid
Vi ser et deg som har følgjande kvalifikasjonar:
- Søkjar skal ha formell undervisningskompetanse i minst eit av faga og godkjend praktisk-pedagogisk utdanning
- Godkjend politiattest
- Gode norskkunnskapar
Vi ser etter deg som:
- Ein tydeleg klasseleiar som trivest med ungdom/unge vaksne, og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar
- Ein som legg vekt på elevaktiv læring og elevmedverknad
- Ein tilsett som er open, samarbeidsvillig, kreativ og har godt humør
- At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert
- At du har gode digitale ferdigheiter
- At du tek ansvar for profesjonsutvikling, og er positiv til å reflektera over, og utvikla eigen praksis saman med elevar og kollegaer
Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Hos oss kan du sjå fram til mykje bra, og vi tilbyr:
- Ein jobb med meining
- Utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap
- Høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Ein stabil og trygg arbeidsgivar
- Gode faglege utviklingsmoglegheiter
- Offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Vårt samfunnsoppdrag
Rogaland fylkeskommune står framfor ei spennande tid, prega av både utfordringar og moglegheiter. Gjennom visjonen vår «Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland»forpliktar vi oss til å vere ein drivkraft for god samfunnsutvikling i heile fylket. Denne visjonen ligg til grunn for alt vi gjer, og speglar målet vårt om å skape eit Rogaland som er attraktivt for både innbyggjarar og besøkande.
Rogaland fylkeskommune vil mellom anna:
- bidra til utvikling av levande og attraktive byar, sentrum og lokalsamfunn gjennom kompetanse, nettverksbygging, heilskapleg innsikt og gode prosessverktøy
- sikre utdannings- og kompetansemoglegheiter i heile fylket
- bidra til eit kortreist kvardagsliv gjennom samordna areal- og transportplanlegging
- bistå kommunane med å leggje til rette for ei kunnskapsbasert og heilskapleg bustadforsyning som tek omsyn til både effektiv arealbruk og bustadmangfald
- arbeide for gode og trafikksikre løysingar for gåande, syklande og dei som reiser kollektivt
Søknaden din bør innehalde:
- Søknadsbrev
- CV
- Vitnemål (henta frå vitnemålsportalen.no) og attestar
- Dersom du har utdanning frå utlandet: godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)
Korleis søkje på stillingar hos oss:
Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.
CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.
Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase - Hjelp for jobbsøkjarar
Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.
Vi set stor pris på innsatsen du legg i søknaden din, og vi blir veldig glade om du som aktuell søkjar sender inn ein søknad til oss!
Jobb med meining
Jobb med meining
Video: https://youtu.be/gLB4c74XJ24
Ferdigheter AI-generert
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- Norsk
- Praktisk-pedagogisk utdanning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bryne vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i landet, med om lag 2400 elevar og om lag 360 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod, fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbyggsklasser, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper med spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum, i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling, med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i ny overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktige for skulen.
Meir informasjon om skulen på www.bryne.vgs.no.
Det er ledige vikariat frå 1. januar 2027 og ut skuleåret, tilsvarande om lag 250 % undervisningsstillingar i matematikk,naturfagog fysikk. Undervisninga kan vere knytt til studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram eller vaksenopplæring.
Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgjevarane i fylket med rundt 4300 tilsette. Vi jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du vere med og byggje eit betre Rogaland saman med flinke og engasjerte kollegaer?
- Antall stillinger: 3
- Sted: Hetlandsgata 27, 4349 Bryne
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
Videospiller
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 478651347
- Sist endret:
- Org.nr.: 971045698Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)

