FINNJobbSøkVestlandEidfjord
Vøringfoss Hotel AS logo
Vøringfoss Hotel AS
Legg til som favoritt
Del annonse
Del på e-postDel på FacebookDel på X
Kopier lenke

Resepsjon- og bookingsjef

Vikariat stilling ∙ Heltid ∙ Eidfjord
  • Søknadsfrist 15.11.2026
  • Mulighet for hjemmekontor Delvis hjemmekontor
  • Arbeidsspråk Norsk, Engelsk
  • Sektor Privat

Kortversjonen

Lede og drifte resepsjonen og booking, fungere som bindeledd på hotellet og tidvis betjene bar og restaurant.

Kvalifikasjoner

  • Erfaring fra resepsjonsarbeid i hotellbransjen
  • Ledererfaring og/eller relevant utdanning
  • Systemkunnskap i Mewsl, PMI og Capitech
  • Gode språkkunnskaper i norsk og engelsk
  • Lokal tilknytning til Hardanger eller ønske om å flytte dit

Hva vi tilbyr

  • Hjelp til å finne bolig
  • Plass i lederteamet med mulighet for påvirkning
  • Gode vilkår
Er du en god match for denne stillingen?Sjekk din JobbMatch

Er du vår nye resepsjon- og bookingsjef.

Vår noverande resepsjons- og bookingsjef går vidare til nye utfordringar i Fjordtind Hotels, og me søkjer ein engasjert eldsjel som vil leie resepsjonen med godt humør, omtanke og nye idear. Stillinga er eit vikariat for 2027, med moglegheit for forlenging. Me tilbyr ein variert og spennande jobb i det me tør påstå er verdas finaste kulissar!

Som resepsjons- og bookingsjef brenn du for gode gjesteopplevingar og veit at dei små detaljane gjer ein stor forskjell. Vertskapsrolla står sentralt, og resepsjonen er eit viktig bindeledd mellom gjestene og dei ulike avdelingane på hotellet. Saman med teamet ditt sørgjer du for at kvar gjest kjenner seg velkomen og godt ivareteken – frå første kontakt til avreise.

Me ser etter deg som har:

  • Lokal tilknyting til Hardanger, eller ynskje om å flytte hit.

  • Erfaring frå resepsjonsarbeid i hotellbransjen eller anna relevant erfaring.

  • God systemkunnskap (me nyttar hotellsystemet Mewsl, PMI og Capitech) og struktur. Du taklar stress og er løysingsorientert.

  • Leiarerfaring og/eller relevant utdanning.

  • Forståing av kva som skapar dei gode gjesteopplevingane.

  • Kjærleik og omsorg for våre tilsette.

  • Brennande ynskje om å jobbe for at våre tilsette skal fortsetja å utvikla seg til å nå sitt beste potensiale: Me skal alltid bli betre!

  • Du skriv og snakkar norsk og har gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i engelsk og gjerne fleire språk.


Me tillbyr:

  • Høgt endringstempo.

  • Naturen kloss i hotellet. Fjord og fjell - som er like eventyrlege alle årstider.

  • Hjelp med å finna bustad.

  • Gode vilkår til riktig kandidat.

  • Plass i leiarteamet og moglegheit for stor grad av påverknad.

  • Som ein del av Fjordtind Hotels vil du få ei viktig rolle som 1 av 3 resepsjonssjefar som har godt samarbeid.


I tilknyting til resepsjonen ligg det ein bar og restaurant som resepsjonen tidvis betener, så det er flott om du i tillegg har kjennskap eller ynskje om å utvikla kunnskapar på dette området.

Er du, eller kjenner du nokon som er, den rette for jobben? Send ein kort søknad og CV.

Om arbeidsgiveren

Vøringfoss Hotel i Eidfjord har 81 rom og har dei siste åra gjennomgått ei større renovering, omprofilering og utvikling av nye mat- og drikkekonsept.
Saman med dei to andre hotella i Fjordtind Hotels, vil me at våre gjester skal oppleva Hardanger på sitt aller beste, gjennom aktivitetar med både låg og høg puls.
  • Sted: Ostangvegen 20, 5783 Eidfjord
  • Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
  • Bransje: Hotell og overnatting, Reise og turisme
  • Stillingsfunksjon: Booking, Resepsjon, Resepsjon

Nøkkelord

hotell, vertskap, leder

Spørsmål om stillingen

AL

Anna Lekve Brandseth

Resepsjon- og bookingsjef

HP

Hans Petter Thorbjørnsen

Direktør

Firmaets beliggenhet

Ostangvegen 20, 5783 Eidfjord

Kart
Søknadsfrist: 1 måned igjen
Legg til som favoritt

2 følger dette firmaet

Nyttige lenker

Se flere stillingerHjemmeside

Annonseinformasjon

  • FINN-kode: 478639623
  • Sist endret: 14.10.2026, 14:41
  • Org.nr.: 918670300Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)
Rapporter annonse